David Toska er med i TV 2s sendingar måndag og tysdag. Det vekker reaksjonar.

Når dømte ransmenn vert kjendisar

«Det er mange middelmåtige sjakkspelarar i Noreg. Kvifor måtte TV 2 absolutt gå for han som leda ein ransgjeng som drap ein politimann?»

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel.

At ein vil ha merksemd om produktet sitt er ikkje noko nytt og er noko me vert eksponert for dagleg. Alle som har eit fjernsynsprogram vil ha fleire sjåarar, me som driv nettavis vil ha fleire lesarar og dei som har noko å selja vil ha fleire til å kjøpa produktet sitt. So langt so greitt.

Men søndag ettermiddag trur eg likevel TV 2 overraska dei fleste då dei annonserte at dei ville ha David Toska med seg i studio som sitt kjendisalibi.

Umiddelbart tok det fyr i avisspaltene og på sosiale medium. Dei fleste var mildast tal overraska over valet til TV 2 og ting tyder på at TV 2 også vart overraska over trykket dette førte med seg.

For måndag ettermiddag seier dei til KOM24 at dei har bestemt seg for å ikkje tilby sponsorat i forkant av sendingane på korkje måndag eller tysdag.

Og David Toska har innrømt at han vart overraska og til det ventande pressekorpset, då han kom til Medielandsbyen i Bergen på måndag, sa han at han var overraska over interessa men at han ikkje var der som sjakk-ekspert

« – Jeg er ikke kjempegod, så jeg er ikke noen sjakkekspert. Jeg tror ikke det er den rollen jeg er tiltenkt. Jeg er gjest med over gjennomsnittet sjakkinteresse.»

Kan nokon då vennligst informera meg kvifor han er der då?

I Noreg har me ei rekke menneske som er kjente for å vera kjente. Men David Toska er i ein heilt annan kategori. Han er kjent for han gjennomførte ei kriminell handling som dømte han til 20 år i fengsel. Han er ein dømt bakranar, for eit ran som enda med dødeleg utfall.

Me har eit prinsipp her i landet som heiter at når du har sona straffa di har du gjort opp for deg og skal ikkje li for det i lang tid framover.

Det er eit prinsipp me skal verna om.

Men det betyr ikkje at TV 2 ikkje treng tenka seg om både ein og to gonger når dei skal invitera gjester i studio.

Det er ikkje sånn at norske fjernsynssendingar om sjakk fløymer over at ekspertar, det er og ei rekkje «vanlege» menneske, som er litt kjende og litt glade i sjakk.

Men ingen av dei har stole 58 millionar kroner og bidrege til å ta livet av ein politimann i teneste.

Det er her det skil seg litt ut.

Avgjerda i TV 2 må ha vore innom mange ledd. Men eg må innrømma eg kunne tenkt meg å ha vore ei floga på veggen på marknadssida då det vart kjent at Toska skulle i studio.

For det er ikkje slik at all PR er god PR, sjølv om nokon hardnakka hevdar det.

Når du brukar pengar for du vil profilera deg på fjernsyn er det for at du vil at dei som ser på dette skal få gode assosiasjonar rundt det du har å selja. Sponsing er verdikommunikasjon og rundt Toska-saka har det vore mykje negative assosiasjonar.

Faktisk så mykje at inkassoselskapet Intrum fann ut at dette vil dei ikkje vera ein del av.

Det er ingen sponsorar som har kjøpt plass direkte på sjakk-sendingane på TV 2, dei har kjøpt seg eit vist mengd eksponeringar hjå TV 2 og så har kanalen plassert dei rundt etter kvar dei har plass.

Normalt sett er dette ein trygg måte å kjøpa plass på, men her kan det vera mange annonsørar har fått seg ei overrasking.

Som marknadsførar må du vera ekstra medviten på kor reklamen din landar, for det er mange fallgruver og lett å mista kontrollen.

Men om dette får nokre konsekvensar? Truleg ikkje.

TV 2 får ekstra mykje merksemd i nokre dagar, mykje av den er negativ. Men dei er ein gigant i det norske reklamemarknaden slik at både Mills, Elkjøp og Adams matkasse kjem mest truleg til å halda fram med å legga at reklamekronene sine hjå TV 2.

Men var det eit klokt val av TV 2 å la David Toska få komma i studio? På ingen måte.

Powered by Labrador CMS