STILLING LEDIG:

Utlendingsnemnda søkjer kommunikasjons­rådgivar

Vil du kommunisere om noko viktig og menneskenært?

Denne artikkelen er over to år gammel.

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Oslo

Søknadsfrist: 17. august

Om arbeidsgiver

Utlendingsnemnda (UNE) er eit uavhengig forvaltningsorgan som behandlar klagar over vedtak frå Utlendingsdirektoratet (UDI). Vi har ca. 235 medarbeidarar og held til i trivelege lokale sentralt i Oslo. UNE er administrativt underlagt Justis- og beredskapsdepartementet. Sjå www.une.no.

Har du kommunikasjonskompetanse som du vil bruke til noko viktig? Kommunikasjonsavdelinga i UNE jobbar med brukarkommunikasjon, mediekontakt, internkommunikasjon, rådgiving og opplæring, innhaldsproduksjon og publisering i ymse kanalar. God kommunikasjon på desse områda betyr mykje både for brukarane og samfunnet.

Det er seks stillingar i avdelinga. Vi treng medarbeidarar med kompetanse til å dekke opp for kvarandre, og oppgåvefordelinga kan variere over tid.

Samstundes må alle vere særleg sterke på enkelte område. Den medarbeidaren vi no skal rekruttere, må mellom anna kunne gå pressevakter og elles forsterke kompetansen og kapasiteten vår på ulike former for innhaldsproduksjon. Denne gongen er vi dessutan på utkikk etter ein som skriv godt og klart på begge målformene, slik at vi blir betre i stand til å oppfylle krava i den nye språklova.

Arbeidsoppgåver:

  • Redaksjonelle oppgåver for une.no, intranett og sosiale medium
  • Pressevakter med mediesørvis, bodskapsutforming og medierådgiving
  • Andre oppgåver innanfor arbeidsområdet til kommunikasjonsavdelinga

Kvalifikasjonar:

  • Du har minst fire års relevant utdanning frå universitet eller høgskule
  • Du kan skrive tekstar i klarspråk på både bokmål og nynorsk
  • Du har erfaring med innhaldsproduksjon og publisering i fleire typar kanalar
  • Du har breidde i kommunikasjonsfaglege kunnskapar og kompetanse
  • Erfaring frå kommunikasjonsarbeid i offentleg sektor vil vere ein fordel

Personlege egenskapar:

  • Du er fleksibel og tilpasningsdyktig
  • Du er fagleg trygg og jobbar sjølvstendig
  • Du har gode samarbeidsevner og interesse og forståing for andre
  • Du har lett for å ordleggje deg både skriftleg og munnleg

Vi tilbyr:

  • Eit stort og engasjert tverrfagleg miljø med høg kompetanse
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom Statens pensjonskasse
  • Fleksitid og andre statlege velferdsordningar
  • Stillinga blir lønna som rådgivar eller seniorrådgivar (510.000-734.000) avhengig av kvalifikasjonar.

Anna:

  • UNE meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi treng medarbeidarar med ulik kompetanse, bakgrunn og erfaring for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søke på stillingane våre. Vi legg vekt på å legge arbeidsforholda til rette for alle medarbeidarar. Søkarar med nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn blir oppfordra til å krysse av i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder tek med i årsrapportane sine.
  • I samsvar med offentleglova kan ein søkar offentleggjerast sjølv om han/ho har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Vedkommande vil i så fall bli varsla.
  • Søkarar som er borgarar av land som ikkje er medlem av EØS, vil bli bedne om å samtykke til innsyn i eigen utlendingssak dersom dei blir kalla inn til intervju.
  • Vi ber om at søknaden din går via Webcruiter, som er administrasjonssystemet vårt knytt tilrekruttering. Vitnemål, karakterutskrifter og attestar må leggast ved saman med søknad innan søknadsfristen.

Kontaktinformasjon:

  • Bente Jensen Baklien, seniorrådgivar, tlf: 411 26 688 (etter 2.8.)

SØK HER

Powered by Labrador CMS