Magne Kydland

JULEPRATEN

Magne skulle ønske at alle fikk smake på konas deilige juleribbe

Kunstneren Pøbels stunt er noe av det beste den tidligere redaktøren husker best fra 2020.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

KOM24 har stilt seks spørsmål til en rekke folk i kommunikasjonsbransjen om året som har gått, og hva de gjør denne julen.

Denne gangen er det nyansatt kommunikasjonssjef i Helse Fonna, Magne Kydland, som svarer i julepraten.

– Hva gjør du i julen?

– Denne jula reiser eg med familien til fjells, nærare bestemt vakre Vågslid i Vinje kommune. Der skal vi gå på ski, kose oss, slappe av, og ikkje minst vere saman. Vi blir til over nyttår.

– Hva vil du anbefale andre å lytte til/smake på/lese/se eller høre denne julen?

– Eg skulle jo ynskt at alle fekk smake på kona si deilige juleribbe, med tilbehør, men det går jo ikkje! Elles vil eg anbefale ein aktivitet som ein ikkje så ofte får tid til i det daglege, men som aldri går av moten: Brettspel. Sjølv skal vi gjennom alt frå diverse kortspel og sjakk, til heftige diskusjonar rundt Monopolbrettet og nokre rundar med «Ryktet går».

– Hva er det morsomste du har opplevd dette året?

– Diverre så blei jo ikkje 2020 som planlagt. men vi har no fått til fleire norgesturar, som har vore fine og gode opplevingar. Og så har eg jo skifta jobb!

– Men det mest morosame var eit humorshow i Fitjar i sommar, med dei lokale revykongane Ole Bergesen og Arne Torget. Pandemitimen vart showet kalla, som dei heldigvis klarte å gjennomføre. Mykje lått og moro, i smittevernvenleg format, i lag med kjekke folk.

LES OGSÅ: Rekordår for Schibsted Partnerstudio – nå ansetter innholdsbyrået ti hoder til

– Du får invitere tre bransjekollegaer på middag. Hvem inviterer du og hvorfor?

– Eg er såpass fersk i bransjen at eg kjenner ikkje så mange. Men eg kunne tenkt meg å invitere Hans Geelmuyden, fordi han er ein nestor i bransjen og sikkert har mange gode historier på lager, og i tillegg har både han og bedrifta hatt eit tøft år. Jarle Roheim Håkonsen, tidlegare profilert anker i Dagsrevyen, kunne fortalt litt om sitt nye liv, og korleis det er å vere kommunikasjonsansvarleg for eit parti i motgang, med ein partileiar på defensiven. For at vi ikkje berre skulle vore menn rundt bordet, ville eg invitert Tonje Sagstuen i Norsk Tipping. Så kunne vi diskutert litt handball også.

– Hva husker du best fra kommunikasjonsåret 2020?

– Det er som oftast slik at vi hugsar best det som har skjedd nylig. For min del må det bli kunstnaren Pøbel sitt stunt i samband med Helse Vest sine julekort til alle tilsette.

– Hva tror du vil prege kommunikasjonsbransjen i 2021?

– For oss som jobbar med kommunikasjon i helsevesenet vil det framleis handle mest om korona. Det vil det sikkert for mange andre også.

For ordens skyld: Magne Kydland var redaktøren til Yngve Garen Svardal fra 2007 til 2011.

LES OGSÅ: Slik skal Havforskningen holde sine ansatte våkne på neste Teamsmøte

Powered by Labrador CMS