Tone Merete Lillesvangstu er ny kommunikasjonsrådgivar i Norec.

Forlet NRK - blir kommunikasjonsrådgivar i Norec

– Eg kunne ikkje la denne sjansen gå frå meg.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel.

– Eg ser fram til nye utfordringar, og gler meg til å ta fatt på oppgåvene, seier Tone Merete Lillesvangstu.

I ei pressemelding kjem det fram at Lillesvangstu forlet rollen som programleier i NRK Vestland for å bli kommunikasjonsrådgivar i Norec.

Bak seg har ho 25 år som journalist. Ti av desse har ho jobba i NRK Sogn og Fjordane, både på nett og i radio. Dei siste åra har ho markert seg som ei av dei store programleiarprofilane på radio.

– Eg har hatt fantastiske år i NRK, og er takksam for alt eg har vore med på. Men eg kunne ikkje la denne sjansen gå frå meg, seier Lillesvangstu i meldinga.

Ho startar som seniorrådgivar i seksjon for kommunikasjon og nettverk hos Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) etter sommarferien.

– Vi er kjempeglade for å få Tone Merete på laget. Ho er ein drivande dyktig formidlar og energibunt som har mykje å bidra med hos oss, seier kommunikasjonssjef i Norec, Cathrine Ekehaug, og legg til:

– Tone Merete har ein skarp og god penn, og eit presist språk. Det treng vi. Bistandsbransjen er eit lappeteppe av ulike tiltak og støtteordningar, og har strenge krav til resultat og dokumentasjon. Det er godt å få ein på laget som har årevis med erfaring i å forklare vanskelege ting på ein måte alle forstår.

Norec har 220 samarbeidspartnarar over heile verda som på ulike måtar jobbar for å betre sine lokalsamfunn. Norec gir støtte til at desse kan bruke utveksling som metode for å utvikle seg og lære av andre organisasjonar i andre land.

I sitt globale nettverk har Norec over 10 000 tidlegare utvekslingsdeltakarar og partnarorganisasjonar. Dei driv med alt frå jordbruksaktivisme, psykisk og fysisk helse, miljø, kultur og fintech. Lillesvangstu vil vere sentral i å formidle kva dei ulike Norec-støtta prosjekta får til.

Powered by Labrador CMS