Lanserer nytt byråkonsept for strategisk digital kommunikasjon
Mannen bak kjernemodellen og ein erfaren innsiktsanalytikar slår seg saman for å etablere eit nytt konsulentkonsept for norske marknadsførarar, kommunikatørar og digitale strategar.
Det melder dei i ei pressemelding.
Are Halland, kjend som «Kjernekaren» og opphavsmann til kjernemodellen, og Torstein Norendal, ekspert på kvantitativ brukarinnsikt, lanserer eit heilskapleg konsept for å hjelpe organisasjonar med å skape innhald som faktisk gir resultat i digitale flater.
– Kommunikatørar i dag skal både tenke strategisk, jobbe tverrfagleg og produsere stadig meir innhald. Med Innsiktspartner tilbyr vi ein kombinasjon av strategisk innhaldsdesign basert på faktisk brukarinnsikt, og praktisk KI-bistand for å effektivisere skriveprosessen, seier Are Halland.
Halland har 25 års erfaring med digital kommunikasjon, design og strategi frå mellom anna FINN.no og Netlife.
Kjernemodellen, ein metodikk han utvikla i 2006, har fått mykje internasjonal merksemd og er flittig brukt av store norske selskap som Telenor, DNB og Gjensidige.
Innsiktspartner bygger vidare på suksessen med kjernemodellen, som blei skildra i boka «Kjernemodellen - et praktisk verktøy for å lage bedre digitale tjenester» frå 2021. Boka er no pensum på fleire høgskular, og blir lansert i desse dagar i engelsk utgåve.
– Det unike med vår tilnærming er at vi kombinerer tverrfagleg samarbeid og prioritering frå kjernemodellen med kontinuerleg brukarinnsikt og strategisk bruk av KI, forklarar Halland.
– Vi har bygd opp vår eigen organisasjon som eit økosystem av spesialiserte KI-assistentar, og denne erfaringa tar vi med oss inn i kundesamarbeid. Vi hjelper kommunikatørar med å skrive smartare med KI-støtte, utan å miste stemma til organisasjonen, held han fram.
Duoen bak Innsiktspartner har erfaring frå ei rekke store norske verksemder og offentlege etatar. Saman tilbyr dei ein miks av strategisk rådgjeving og praktiske verktøy.
– Vi ser at mange kommunikatørar slit med å dokumentere effekten av arbeidet sitt overfor leiinga. Med vår metodikk kan dei vise korleis innhaldsarbeidet bidreg til konkrete forretningsmål, samtidig som dei får frigjort tid til å jobbe meir strategisk, seier Halland.
Har du tips til denne eller andre saker? Kontakt oss på: tips@kom24.no