Klarspråkpris til Skatteetaten
– No kjem heile Skatteetaten til å juble.
– Klarspråkarbeid handlar om meir enn å vareta språket vårt. Det handlar om å vareta demokratiet, det handlar om å gi gode forståelege tenester til innbyggarane våre og det handlar om å gi folk ein enklare kvardag å forhalde seg til, sa digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung under prisutdelinga.
Det melder Digdir i ei pressemelding.
Årets vinnar har over mange år arbeidd systematisk og kontinuerleg med å gjere klarspråk til ein del av verksemda si gjennom å lære opp nytilsette og involvere brukarane i testing av mange slag. Klarspråkarbeidet har vore metodisk, målretta, og forankra i leiinga, som har teke eit synleg og tydeleg ansvar, seier juryen i grunngjevinga si for kvifor Skatteetaten vinn klarspråkprisen.
Strategien deira er at «vi skal møte næringsliv og innbyggar på ein slik måte at det blir enklare å gjere det rette og vanskelegare å gjere feil». Då må folk forstå både kva dei skal gjere, og kvifor dei skal gjere det – og statsorganet må forstå folk. Slik bygger etaten tillit som er naudsynt i samfunnet vårt.
Kommunikasjonsdirektør i Skatteetaten, Astrid Bugge Mjærum, tok imot prisen:
– Noko av grunnen til at vi får til dette, er at klarspråk er implementert i strategien vår. Det skal vere enkelt å gjere lett og vanskeleg å gjere feil. Vi har også eit målbilde for brukaroppleving som seier at folk skal få vite, finne, forstå og få til. Fordi klarspråk handlar om at folk skal klare å bruke tenestene våre. Vi må forstå folk og folk må forstå oss. Jobben for fellesskapet gjer vi i fellesskap. No kjem heile Skatteetaten til å juble.
Vektlegginga av klarspråk har skapt ein kultur hos vinnaren som gjer at dei tilsette er motiverte og tek eigne initiativ for klarare språk. Det er ei glede å gje prisen til ein etat som verkeleg er eit godt føredøme for andre statsorgan, seier juryen i grunngjevinga si.
Juryen har bestått av juryleiar Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, administrerande direktør Viti musea, Johan L. Tønneson, professor Institutt for lingvistiske og nordiske studium, Universitetet i Oslo og Britt Kristin Ese, seniorrådgjevar Nasjonalt klageorgan for helsetenesta.
Skatteetaten får «Klarspråkprisen for staten», medan ingen vann «Klarspråkprisen for kommunar og fylkeskommunar» i år. Det var rett og slett for få kvalifiserte kandidatar.
Har du tips til denne eller andre saker? Kontakt oss på: tips@kom24.no