Terje Gilleshammer har eit noko uvanleg tilbehør til julemiddagen.
Terje Gilleshammer har eit noko uvanleg tilbehør til julemiddagen.

#Julepraten

Du vil faktisk ikkje tru kva Terje har til pinnekjøtet

– Eg har lært at pinnekjøt skal vere skikkeleg røykt, det held ikkje å berre skvette på noko røyksmak. Det skal røykast i eldhus på oreved så pinnekjøtlukta legg seg over heile nabolaget på julaftan.

Publisert

KOM24 har stilt sju spørsmål til ei rekke folk i kommunikasjonsbransjen om året som har gått, og kva dei gjer denne jula.

I dag er det kommunikasjons- og strategidirektør i Lotteri- og stiftelsestilsynet, Terje Gilleshammer, som svarer i julepraten.

– Kva gjer du i jula?

– Jula er godt selskap med den næraste familien. Julekvelden er det tradisjonen tru alt for mange pakkar til tre ungar til å klare å ha full kontroll i julepapirkaoset. Det fører til febrilske forsøk på å halde styr på kva dei får frå kven, slik at den komande telefonsamtalen frå slekt ikkje skal bli for pinleg. Så er det å forsiktig vere sufflør til samtala, «hugs å takke bestemor for sølvskeia!»

Resten av jula består i å finlese YR i håp om at lågtrykka frå sørvest skal ta slutt, og det skal finnast skiføre ein stad som det er mogleg å nå.

– Kva står på middagsbordet på julaftan?

Røykt pinnekjøt frå Evanger! Eg er gift med ei bygdetaus frå Eksingedalen ved Voss, så eg har lært at pinnekjøt skal vere skikkeleg røykt, det held ikkje å berre skvette på noko røyksmak. Det skal røykast i eldhus på oreved så pinnekjøtlukta legg seg over heile nabolaget på julaftan. Så skal det vere vaffel med sirup til pinnekjøtet. Ja, du las riktig. Ultralokal tradisjon i min familie. Søtt og salt i lag er steike godt!

– Kva vil du anbefala andre å lytta til/smaka på/lesa/sjå eller høyra denne jula?

Ekte julefred kjem med Bugge Wesseltoft si plate, Its Snowing on ny Piano. Når dei stillferdige variasjonane over julesongane kling i heimen, då senkar juleroa seg.

– Kva er det mest morosame du har opplevd dette året?

I jobbsamanheng må det vere 20-års jubileet til Stiftelsestilsynet, og fyrverkeriet av eit innlegg frå Nicolai Tangen om krafta i stiftelsar. Stiftelsar eig dei største mediekonserna, og er sentrale innan forsking og kultur. Men dette går litt under radaren i Norge, så det var kjekt å løfte fram nokre av dei på arrangementet i haust.

– Kva skal du bli betre til neste år?

– Som sikkert mange andre, så skal eg klare å gå frå ord til handling når det gjeld KI. Nok møte, planar og kurs no. På tide å teste og lære meir.

– Kva er din spådom for kommunikasjonsbransjen i 2026?

Røkla av oss kjem til å bruke fleire nye verktøy for effektiv produksjon av tekst i ulike format. Nokre av oss kjem til å drite oss ut. Dei flinkaste kjem til å utnytte utrulege moglegheiter for dataanalyse og dermed klare å jobbe endå meir strategisk. Oppsummert, ikkje så mykje nytt under sola.

– Kva er ditt nyttårsforsett?

Ha alltid vilje til å prøve å rydde møtekalender, når det ein vakker dag kjem eit lågtrykk frå vest/nordvest, og snøen ligg iskald og florlett i Jølster. Med skia i bilen er det utruleg kva ein rekk mot slutten av ein dag.

Har du tips til denne eller andre saker? Kontakt oss på: tips@kom24.no

Powered by Labrador CMS