Flybransjen lovar å skjerpe kommunikasjonen
Men Forbrukarrådet er ikkje heilt nøgde med SAS.
I 2023 gjekk Forbrukarrådet og 21 europeiske forbrukarorganisasjonar saman om ei klage til EU-kommisjonen sitt forbrukarnettverk (CPC-nettverket).
Der vart flyselskapa sterkt kritiserte for bruken sin av villeiande klimapåstandar i marknadsføringa.
No har kommisjonen vurdert saka, og kan melde om at flybransjen i stor grad har forplikta seg til å slutte med grønvaskinga, skriv Forbrukarrådet i ei pressemelding.
– Det er veldig gledeleg å sjå at klaga har ført til at bransjen har endra praksis. Å lure forbrukarar til å tru at utsleppa frå flyreiser kan kompenserast med gebyr er openbert ikkje greitt, seier konstituert forbrukardirektør Gunstein Instefjord.
17 selskap vart klaga inn til CPC-nettverket. Av dei var det 15 som flaug til og frå Noreg. To av selskapa var Norwegian og SAS.
Dei aller fleste flyselskapa har forplikta seg til å slutte med ei rekkje problematiske påstandar. Men blant dei som ikkje klarer å love endring finn vi SAS.
– Flyselskapet finn det tydelegvis utfordrande å binde seg til å slutte med grønvasking. To og eit halvt år etter at vi klaga dei inn dreg dei framleis beina etter seg, og har enno ikkje rydda opp i openberr grønvasking dei fleste selskapa har klart å fikse, seier Gunstein Instefjord, i pressemeldinga.
Har du tips til denne eller andre saker? Kontakt oss på: tips@kom24.no