– Det er naturleg nok vemodig å gje seg etter mange år i ein vekstkommune som Øygarden. Først og fremst ser eg tilbake på denne tida med stor takksemd og at eg fekk vera med i eit kollegium med utviklingsorienterte medarbeidarar.
Det skriv Vigleik Brekke i ein e-post til KOM24.
Nye Øygarden kommune oppstod i 2020 då kommunane Fjell, Sund og Øygarden slo seg saman.
Til saman bur det over 40.000 menneske der. Kommunesenteret er på Straume, omtrent ein 20 minutt lang køyretur frå Bergen sentrum.
Brekke har vore i jobben i 17 år, og var tidlegare kommunikasjonssjef i Fjell.
– Har du noko du vil trekkja fram som du hugsar spesielt godt?
– Den mest dramatiske hendinga frå den tida var då eit helikopter styrta ved Turøyna i 2016. 23 menneske omkom, og det var eit stor oppgåve å vera kommunikasjonsansvarleg i ein slik krevjande situasjon, skriv Brekke.
– Elles var det svært gjevande å få vera med og byggja den nye kommunen, Øygarden, frå 2016. I 2020 vart gamle Øygarden, Sund og Fjell slått saman til ein ny kommune. Dette er den nest største kommunen i Vestland fylke, skriv han vidare.
Brekke har også lang erfaring frå pressa, noko han har fått bruk for i jobben som kommunikasjonssjef.
– Før eg tok til i gamle Fjell kommune i 2009, hadde eg vore redaktør for lokalradioen Kystradioen i 20 år. I den tida var eg i kontakt med mange av dei som seinare vart kollegaene mine. Eg meiner tida i lokalradioen har vore til stor nytte for meg i jobben som kommunikasjonssjef.