Frida Amundsen gjer comeback med ny musikk gjennom kampanjesamarbeid
Eit samarbeid mellom Schibsted Partnerstudio, Sylvsmidja og artist Frida Amundsen har resultert i meir enn ein annonseartikkel. Med låten «Spor» gjer Amundsen comeback etter ti år utan eigne utgjevingar.
Det skriv Partnerstudio i ei pressemelding.
Då Sylvsmidja, Noregs leiande produsent av bunadsølv og moderne smykke, ville fornye og forsterke den nyaste smykkekolleksjonen sin Spor, tok dei kontakt med Schibsted Partnerstudio. Målet var å nå ei yngre målgruppe på ein måte som både bevarar arven og dyrkar det moderne.
Resultatet vart kampanjen «Blome», med artist Frida Amundsen i hovudrolla.
I ein content marketing-artikkel på blant anna VG.no, fortel ho korleis det tradisjonsrike handverket frå Voss inspirerte henne til å vende tilbake til musikken.
Samarbeidet har fått merksemd også internt i Sylvsmidja.
– Vi er så stolte over at Frida har skrive denne otte låten. Spor-smykka handlar om meir enn berre pynt. Dei symboliserer styrke og mot til å velje sin eigen veg. Då er det utruleg stas for oss at Frida vart inspirert til å lage musikk nettopp på grunn av smykka og kampanjesamarbeidet, seier Maria Gjerstad, marknadsjef i Sylvsmidja.
– Å jobba med Frida og Schibsted Partnerstudio har gitt oss eit nytt språk for å nå eit yngre publikum, utan å miste røtene, føyer ho til.
Kampanjen, med musikkvideo som eit av elementa i den, vart produsert og distribuert av Schibsted Partnerstudio.
– Vi ville lage ei historie som både rørte og inspirerte. Frida fann det i møtet med Sylvsmidja, og no gler vi oss over at kampanjen inspirerer heile det norske folk med norsk smykkekunst, seier Mari Møen Nygaard, innhaldsprodusent i Schibsted Partnerstudio.
– At Frida faktisk fann tilbake til musikken gjennom dette samarbeidet, er ei gåve som ikkje kan planleggast, men som løftar heile prosjektet.
Har du tips til denne eller andre saker? Kontakt oss på: tips@kom24.no