Publicis sine kontorer i Oslo. 2025 var eit bra år for konsernet internasjonalt.

Sterke tal for Publicis i 2025

Opplevde rekordhøg driftsmargin.

Publisert

Europa leverte vekst for Publicis Groupe i 2025. Nettoomsetninga i regionen auka med 4,2 prosent. 

Det viser ferske tal frå Publicis.

Storbritannia var motoren. Marknaden voks 6,3 prosent organisk. Sentral- og Aust-Europa leverte 9,7 prosent vekst. Frankrike og Tyskland fall noko mot sterke samanlikningstal frå året før.

Driftsmarginen i Europa enda på 18,2 prosent. Same nivå som konsernsnittet. Det plasserer Europa blant dei mest lønsame regionane i konsernet.

– Alle regionar leverte solide resultat i ei tid der hovudkonkurrentane våre ventast å få negativ samla utvikling, seier konsernsjef Arthur Sadoun.

Globalt voks Publicis 5,6 prosent organisk i 2025. Nettoomsetninga enda på 14,5 milliardar euro. Driftsmarginen steig til rekordhøge 18,2 prosent. Fri kontantstraum auka til 2,0 milliardar euro.

Det er Nord-Amerika som er det største markedet deira, med ei omsetjing som enda på 8,9 milliardar Euro. Til samanlikning stoppa omsetjinga i Europa på 3,5 milliardar euro. Resten av verda skapte 2,1 milliardar euro i inntekter.

Nord-Amerika voks 5,4 prosent. USA åleine leverte 5,2 prosent vekst. Utviklinga kom frå både Connected Media og Intelligent Creativity.

Asia og Stillehavet voks 5,8 prosent. Kina stod for 6,0 prosent vekst. Australia og India bidrog sterkt.

Midtausten og Afrika leverte tosifra vekst på 10,8 prosent. Latin-Amerika enda på 18,7 prosent, driven av Brasil og Argentina.

Connected Media stod for 60 prosent av omsetninga i 2025 og leverte høg einsifra vekst. Intelligent Creativity voks middels einsifra og utgjorde 26 prosent. Technology låg nær flatt gjennom året.

Publicis peikar på investeringar i AI, data og talent som sentrale forklaringar. I løpet av året gjennomførte konsernet fleire oppkjøp innan data, influensarmarknadsføring og kunstig intelligens.

For 2026 styrer Publicis mot vidare vekst. Målet er 4 til 5 prosent organisk vekst og endå høgare kontantstraum.

– No har vi eitt mål. Å vere bransjens mest verdifulle partnar, seier Sadoun.

Har du tips til denne eller andre saker? Kontakt oss på: tips@kom24.no

Powered by Labrador CMS