
Influensar-favoritt i pengekrangel på Voss
Skuldingar om bakhaldsangrep og forsøk på sabotering.
Influensar Christina Ygre Skorve vart i vinter kåra til Folkets favoritt under årets VIXEN Awards. Det er berre folkets røyster som gjeld og Skorve frå Voss stakk altså av med fyrsteplassen.
No har ho store planar om å arrangera RAUS, som vert omtala som eit tiltak mot einsemd. Arrangementet skal finna stad på Voss i midten av september og skal vera eit arrangement for alle som er opne for å stifta nye vennskap.
Det skal vera plass til 600 stykk på arrangementet og ein reknar med tilreisande frå heile landet.
Arrangementet fekk raskt kritikk frå ein annan vossing, Øystein Lydvo, som meinte prisen for å vera med på dette var alt for høg til at einslege vossingar kunne vera med på dette.
Og no er krangelen i gang i lokalavisa på Voss.
Ygre Skorve stiller spørsmålsteikn ved om Lydvo prøver å sabotera det heile og at dette er eit prøva og feila-prosjekt det fyrste året.
I eit lesarinnlegg vedgår ho at billettprisane er høge, men skriv at det må det vera og ho understrekar at dei ikkje har nokon økonomisk forteneste på dette.
Billett til arrangementet kostar 700 kroner, i tillegg er det aktivitetar gjennom dagen ein kan melda seg på, som kostar ekstra pengar.
Lydvo på si side avviser at han har forsøkt å sabotera arrangementet til ein av landets mest kjende influensarar.
– Det er synd at Skorve tek innspela ille opp og skuldar meg for å prøva å sabotera, seier han, til avisa Hordaland.
– Slik eg ser det ekskluderer arrangementet dei mest sårbare – noko som diverre er eit samfunnsproblem. Det er enkelt å laga tiltak mot einsemd på arrangøren sine premiss og utelata målgruppa som krev mest tilrettelegging. Kanskje burde arrangementet vore marknadsført på ein annan måte?
Det har ikkje lukkast Hordaland å få ein kommentar av Christina Ygre Skorve.
Har du tips til denne eller andre saker? Kontakt oss på: tips@kom24.no