
No kan du få Ruter på nynorsk
No kan 1,3 millionar reisande bruke Ruter-appen på nynorsk. Det skjer på sjølvaste nynorskdagen, 12. mai–140 år etter at Stortinget vedtok at nynorsk og bokmål skal vere likestilte skriftspråk i Norge.
– Når vi har to likestilte skriftspråk, meiner vi det er rett at appen vår også kan brukast på nynorsk, seier direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt i Ruter, Elisabeth Skarsbø Moen, i ei pressemelding.
Med 1,3 millionar brukarar, er Ruter-appen ein av dei mest brukte appane i Norge. Noregs Mållag er begeistra for språkoppdateringa.
– At Ruter lagar nynorskversjon av appen sin er skikkeleg stas og kjempeviktig for veldig mange menneske som no får møte meir nynorsk i kvardagen! Ruter tar språkansvar og viser sjølvtillit når dei rettar ryggen og ropar: Vi finst også på nynorsk! Ruter gjer det lettare å vere nynorskbrukar – også i eit digitalt samfunn, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.
Språkfunksjonaliteten på nynorsk er viktig grep frå Ruter for å få alle til å føle seg heime.
– Kollektivtransporten bind folk saman i storbyen slik at vi kan å leve og jobbe saman. Kollektivtransport er viktig for storbyidentiten på tvers av kulturar. Språk er heilt sentralt for identitet og kultur, og derfor er viktig for oss å kunne få kundane til å føle seg heime – også i appen, seier Moen.
Ruter-appen vart først lansert i 2012. Grunnen til at Ruter-appen kjem på nynorsk først no, er at Ruter/Tet digital også utviklar den nye appen til Skyss i Vestland fylkeskommune. Vestlandet er den landsdelen der nynorsk er mest brukt. Skyss vart nyleg medeigarar i Ruter sitt digitale utviklingsselskap TET Digital.
– Det må som regel vestlendingar til for å få fart på ting, seier Moen spøkefullt, som sjølv er frå Fræna utanfor Molde.
Har du tips til denne eller andre saker? Kontakt oss på: tips@kom24.no