Line Lauvsnes Oddekalv irriterar seg over journalistar som ikkje svarar på innsalg av saker.

MENINGER:

Har Tinder-ghosting inntatt jobbsfæra?

«God damnit,», skriver ei frustrert Line Oddekalv.

Publisert

Å ikkje få svar…😑

Hugsar du på tidleg 2000-tal, då vi sa «han har sikkert ikkje batteri på telefonen» om svar på SMS-en uteblei? I dag kan det å ikkje svare nokon vere eit verkemiddel i digital mobbing. Når ungane ikkje svarar på gjentatte spørsmål blir vi sure, i alle fall eg, men det hjelper jo lite.

Om kollegaer ikkje svarar, vert eg forundra. Skal eg kjøpe noko og selgar ikkje svarar vert eg i alle fall forundra; vil du ikkje ha salg, du då? 

Å svare er god folkeskikk, vil eg seie. Og i mine jobbar opp gjennom åra har det vore ei SJØLVFØLGE. I sørvisbransjen, som journalist og som kommunikasjonsmedarbeidar. Svar er jo jobben vår! Eg er dessutan både godt oppdratt og såpass yrkesskadd at eg har ekstrem kort responstid også privat, uansett medium. Veit eg ikkje svaret eller må svare meir grundig seinare, skriv eg eit kjapt svar om dette: svarer deg seinare, men har sett spørsmålet og satt deg på lista, typ. Er eg sein med svaret (sjeldan!) orsaker eg. Og frist er frist.

Kvar vil eg, no då, med alt pratet om svar? 

Eg skriv dette fordi eg er irritert over nok ein gong å ikkje få svar på ein førepurnad til ein journalist. Eg har sendt eit tips og spørsmål om det kan vere interessant å lage ei sak om eit gitt tema.

Tre gonger (med god pause mellom forsøka!) prøvde eg. Vidare til neste, redaktøren. To forsøk, begge med oppmoding om å få ei tilbakemelding om dette i det heile tatt er av interesse, så eg kan gå vidare på lista. Nei. Også etter spørsmål frå annan journalist som ga meg høve til å ta opp temaet der, og eg for å vere ryddig spurte første medie «om dei _var_ keen, viss ikkje gjekk eg vidare til denne», var det like tomt i innboksen.

Kom an! Motsett hadde det vore uaktuelt, i kommunikasjonsbransjen kjennes det som vi lever på media si nåde, og her skal det svarast, uansett lengd på frist, elles… (sånn oppleves det i alle fall). Det kan eg skrive meir om ein annan gong. 

For i dag lurer eg på om folk svarar på mail/telefon/sms, og om ikkje: Kvifor??

Har Tinder-ghosting inntatt jobbsfæra?

Ikkje ver ei atal fjortisjente, ein dust 20-årig, uinteressert gut, hard to get (hata at det var ein taktikk som funka i kjærleikslivet) eller ein distrahert femåring, god damnit.

Svar folk!

(Og no må eg sette på varsel for LinkedIn trass allergi mot raude prikkar på appane, så eg kan svare om nokon tek seg tid til å svare meg😅)

———————————————-

Dette innlegget var fyrst publisert på Oddekalvs LinkedIn-profil og er republisert med tillating.

Dette er et meningsinnlegg, og gir uttrykk for skribentens mening. Har du lyst til å skrive i KOM24? Send ditt innlegg til meninger@kom24.no.

Powered by Labrador CMS