NRK: Brilleland stoppar kampanje etter kritikk
Ingen av modellane i deira siste kampanje var ekte.
Brilleland innrømmer at dei brukte modellar skapt av kunstig intelligens for å selje briller og kontaktlinser, skriver NRK.
– Ja, det stemmer at det er KI-genererte bilete i denne eine kampanjen. Det er viktig for oss å vere ærlege om dette, og vi brukar stempel i all marknadsføring som er retusjert eller manipulert, seier marknadssjef Hanne Askehagen Kroken til NRK.
I denne kampanjen har Brilleland merka bileta med retusjert person. Men som KOM24 har skrive om i fleire saker er det ikkje noko regelverk rundt dette med å merka reklame skapt med kunstig intelligens.
I Brilleland seier dei at dei framover ikkje skal bruka KI på samme måten.
– Dette har vore eit samarbeid med ein leverandør, og det er første gong vi prøver denne «nye» teknologien på denne måten.
Har du tips til denne eller andre saker? Kontakt oss på: tips@kom24.no