Magnus Cort og Cristián Rodríguez på den 20. etappen av Tour de France i 2024.
Magnus Cort og Cristián Rodríguez på den 20. etappen av Tour de France i 2024.

TV 2 må ut med 300 000 kroner for brot på sponseregelverket

Meiner ei åtvaring ikkje er nok.

Publisert

Regelbrotta blei avdekte i samband med eit planlagt tilsyn med sju etappar av sykkelrittet i perioden 7. til 27. juli. Alle sendingane Medietilsynet førte tilsyn med hadde sponsoridentifisering i strid med regelverket.

– Medietilsynet vurderer regelbrottet som alvorleg. At kontrollen avdekte brot i alle dei kontrollerte sendingane, inneber at det var ei rekke gjentatte og klare brot i løpet av kort tid, seier direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet, Hanne Sekkelsten, i ei pressemelding.

– Sjåarane blei i desse sendingane eksponerte for meir kommersielt innhald enn dei skulle ha blitt. Vi har i den samanhengen også lagt vekt på at sendingane hadde høge sjåartal, seier Sekkelsten.

Kvar sending varte i fleire timar og alle dei kontrollerte sendingane hadde fire sponsorar. Sponsorane blei viste ved fem høve innanfor éin times varigheit, og sponsorane blei altså viste meir enn dei tillatne seksti sekunda i løpet av éin time. I enkelte timar blei sponsorane eksponerte i opptil nitti sekund.

Ikkje nok med åtvaring

For omfattande sponsoridentifisering er brott på kringkastingsforskrifta. Så seint som i mai i år blei forskrifta endra, slik at det blei lov med inntil seksti sekund identifisering av sponsorar i timen – mot inntil førti sekund i timen tidlegare.

Medietilsynet kan gi sanksjon i form av åtvaring eller gebyr ved regelbrott. I denne saka meiner Medietilsynet at ei åtvaring ikkje er nok.

– Talet på klare brott og mange sjåarar taler for ein strengare reaksjon. Preventive omsyn tilseier også at TV 2 får gebyr i denne saka, seier Sekkelsten.

Det blir understreka i vedtaket at Medietilsynet ser positivt på at TV 2 har sett i verk tiltak for å unngå at liknande brott på kringkastingsregelverket skjer igjen.

Har du tips til denne eller andre saker? Kontakt oss på: tips@kom24.no

Powered by Labrador CMS