Charlotte Stark har genuin interesse for klima og miljø, og ønsket med denne jobben å delta og læra meir om både forskingsmiljøet og forskingsformidling.

Charlotte hjelper forskarane å formidla arven etter Nansen: Dei er supermenn, og eg er deira sidekick

Prosjektet skal gjera folk medvitne om klimaendringane som skjer i Barentshavet.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Frå 2019 til 2022 skal Charlotte Stark kommunisera ut forskaranes funn i prosjektet Arven etter Nansen. Eit prosjekt som skal gjera folk medvitne om klimaendringane som skjer i Barentshavet.

Ho er allereia halvvegs i prosjektstillinga kor ho jobbar med forskningskommunikasjon.

Så langt har ho sørga for å henta ut informasjon og nyheiter som skjer i prosjektet, formidla bodskapen vidare til folket, delt innhaldet på sosiale medier og nettsider samstundes som ho er organisator for kommunikasjonen i prosjektet og leiar ei kommunikasjonsgruppe.

Noregs største samarbeidsprosjekt

Kommunikasjonsgruppa ho er leiar for er ei gruppe som består av kommunikasjonstilsette frå ti ulike institusjonar og organisasjonar som samarbeider om prosjektet.

Blant dei er Universitetet på Svalbard, Universitetet i Tromsø, havforskingsinstituttet, Universitetet i Bergen/Bjerknessenteret, Meteorologisk institutt, Universitetet i Oslo, Nansensenteret, Akvaplan-niva og Norsk polarinstitutt.

– Eg sit som kommunikasjonsrepresentant i prosjektadministrasjonen. Me er totalt fem personar i den gruppa, og eg har ti kommunikasjonsrepresentantar under meg. Alle institusjonane og prosjektet skal skinna, dette er kanskje eit av Norges største samarbeidsprosjekt, seier ho.

– Mi oppgåve er å hjelpa forskarane å formidla. Dei er supermenn, og eg er deira sidekick. Dei kan bruka meg som ein ressurs for å få formidla ut sine funn og publikasjonar.

Eit uferdig puslespel

Sjølv om dei fleste forskarar har fokuset på å formidla vitskap, er det viktig å minna dei på at dei får midlar frå det norske folk og forskingsrådet som pålegg dei å forenkle bodskapet og skriva det i klarspråk så alle kan forstå kva som vert forska på.

– Dette er eit klimaprosjekt i Barentshavet, me utdannar framtidige forskarar, legg til rette for å ta fornuftige val med tanke på forvaltninga si framtid. Eg tenker på Barentshavet som eit uferdig puslespel, som me skal pusla mest mogleg ferdig for å gje eit betre bilete på kva som eigentlig skjer med kloden vår.

Stark har lenge ønskt å bli ein kommunikator for å formidla viktig klimabodskap og kommunisera avansert forsking.

– Læringskurva har vore bratt. Det viktigaste er kanskje å vere tolmodig. Ein må ha det når ein skal formidla frå 200 menneske. Då kan det vera vanskeleg, og det krever mykje planlegging, tilrettelegging og halde tunga beint i munnen.

Ikkje eit rosenraudt bilete

Ho samanliknar oppgåva si med ein blekksprut som må ha nok tentaklar for å plukka opp og få med seg det som skjer.

– Samfunnsoppdraget i dette prosjektet er kanskje det viktigaste for meg. Samstundes er eg opptatt av å formidla i klarspråk kva slags type forsking som skjer i prosjektet, så publikum kan forstå kva som skjer.

– Det er ikkje eit rosenraudt bilete, men dette prosjektet vil gjera det meir klart og tydeleg for alle kor viktig Barentshavet er.

Målet til prosjektet er å finna sanninga. Jobben som kommunikasjonsrådgjevar skildrar ho som hektisk og utfordrande. Men samstundes ser ho verdien av arbeidet, for henne er det ein gjevande arbeidsplass.

Eit avlyst tokt

For tida jobbar ho på heimekontor. Sidan prosjektet starta i 2019 rakk ho så vidt å komma på plass før korona slo til. Det har òg gått utover sjansen til å dra ut på tokt.

– Det er vanskeleg å ha med folk om bord under korona. Også prioriterer eg andre enn meg sjølv fordi det er mykje betre å senda ut ein dyktig fotograf eller ein annan type innholdsprodusent, enn meg.

Skulle ein ikkje kommunisere ut det forskarane driv med, så kunne me berre ha putta forskinga i ein skuff og gløymd den bort.

– Kommunikasjon er viktig, me skal nå ut til både myndigheiter og folk flest, dei burde ha ei forståing av kva som skjer i sin eigen hage. Me må ta vare den eine jorda me har, avsluttar ho.

Powered by Labrador CMS