Line Lauvnes Oddekalv fortel i denne saka kva Høgskulen i Volda gjer for å lokka til seg kommunikasjonsstudentar til neste skuleår.

I Volda dobla dei talet på kommunikasjonsstudentar

Hittil i år har skulen hatt 60 prosent auke i unike besøk til studietilbodet og klikk på søkeknapp samanlikna med samme periode i fjor.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

– Det kan vera for at det vert sett på som ei matnyttig og profesjonsretta utdanning.

Det seier instituttleiar ved Institutt for kommunikasjon ved Høgskulen i Volda, Jens Standal Groven, til KOM24.

Tett samarbeid med kommunikasjonsavdelinga

Ved studiestart, hausten 2020 var det heile 42 kommunikasjons-studentar som møtte til studiestart, mot 21 året før. Dermed gjekk dei frå ei til to klassar.

Groven peikar på at det var ei god auke til alle mediefag i fjor, men meinar at god rekrutering og godt arbeid på utdanninga har ført til at fleire vil utdanna seg i Volda. Han dreg og fram at dei sjølv i pandemiåret har klart å få alle sine studentar ut i praksis.

– Det er viktig med folk som klarar å formulera god kommunikasjon. Det er ei brei utdanning, det kan hende det har vore ein viss effekt av det, meiner han.

Men han seier dei ikkje har gjort nokre spesielle grep på utdanninga for å gjera seg meir attraktive dei siste åra, men at dei endra namn og la om profilen for nokre år sidan.

– Me prøver heile tida å levera ei best mogleg utdanning og det er ei trygg utdanning å utdanna seg til, det er alltid behov for gode folk, meiner han.

Groven dreg fram samarbeidet faget har med si eiga kommunikasjonsavsdeling som ein nøkkelfaktor i suksessen med å trekka til seg fleire studentar.

– Det er eit tett samarbeid mellom komunikasjonsavdelinga og dei respektive fagutdanningane. Me har faste møtepunkt der me går gjennom og ser kva rekruteringsframstøt me skal gjera og me held kvarandre oppdatert, seier han.

instituttleiar ved Institutt for kommunikasjon ved Høgskulen i Volda, Jens Standal Groven, meiner det er ein kombinasjon av fleire ting som gjer det attraktivt å studera kommunikasjon i Volda.

Snart er det tid for å søka høgare utdanning for neste skuleår og hittil i år har Høgskulen i Volda hatt 60 prosent auke i unike besøk til studietilbodet og klikk på søkeknapp samanlikna med samme periode i fjor.

Nye grep i 2021

– Me trur jo kvaliteten på utdanninga du får i Volda i seg sjølv er ein viktig grunn til at stadig fleire trykker på søkeknappen. Samstundes er det ofte slik at toppar og botnar i høgare utdanning er trendstyrt, og i fjor var media eitt av fagområda som auka generelt. Så også hos oss, seier kommunikasjonsansvarleg ved Høgskulen i Volda, Line Oddekalv til KOM24.

Skulen jobbar med rekruttering året rundt, men den største kampanjen deira går frå 15. desember til 15. april. Då er dei tilstades på studenmesser og studieturnear, som i år sjølvsagt var digitale, skrur opp volumet på annonser og presenterer moglegheitene i Volda i eigne kanalar.

– Nytt i år er at vi har nytta oss av Podcast-reklamer, og me har laga ein studietest der folk kan klikka seg fram til kva fagområde som passar for seg. Me har også jobba meir bevisst med å skreddarsy bodskap til den regionale målgruppa vår, då ein stor del av studentane ved HVO er frå Vestlandet, seier Oddekalv.

Elles annonserer dei i år som i fjor på Instagram, Facebook, SnapChat og YouTube og Google.

– I både organisk og betalt innhald nyttar me oss i stor grad av studentambassadører som gir eit godt bilete på korleis det er å vera student i Volda. Dei tek mellom anna over Instagram for å vise fram studiekvardagen. Det er meir relevant og truverdig å høyre frå dei som studerer og veit kva målgruppa lurer på, meiner ho.

No i innspurten av kampanjen har dei samarbeida med medieproduksjonsstudentar om å lage filmar som viser kvardagen i Volda.

Men kva effekt korona vil få på både søkarar og eksisterande studentar veit ein enno ikkje.

Fryktar fråfallet i framtida

– Me håpar nytt mediehus er fristande. Det er sjølvsagt også mogleg me vil sjå ein «bygde-effekt» av Covid-19. I Volda har me hatt moglegheit til å ha mykje fysisk undervisning, i tillegg har me mange aktivitetsmoglegheiter tilgjengeleg trass pandemi, seier Oddekalv.

Slik skal det nye mediebygget ved Høgskulen i Volda se ut når det står ferdig i 2021, noe den nye dekanen ved avdelingen for mediefag vil som ansvar å flytte inn i.

Groven på si side er uroa for fråfallet.

– Me har hatt ei god fullføringsgrad til no, men me er spent på koronaeffekten no, ikkje det same å vera student lenger, seier han.

Groven fortel at dei driv og undersøker dette no, og at dei ser for seg eit større fråfall enn det har vore tidlegare.

– Det er tøffare å vera student når ein ikkje kan ha fysisk undervisning, seier han.

For sjølv om dei har stort sett har slept unna nedstengingar i Volda måtte dei stenga ned i 14 dagar nyleg.

– Litt fråfall har me hatt, det er noko me føl veldig med på no, seier han.

Powered by Labrador CMS