Kristoffer designar albumcover for stjernene
– Det er jo litt stas, det er jo det.
– Då eg utdanna meg i Volda, gjorde eg masse plakatar og greier for konsertar der oppe. Så blei eg spurt om å laga cover for nokre lokale musikarar, så har det balla på seg frå då.
Det seier Kristoffer Eidsnes, design director og partnar i ANTI, til KOM24.
Han står bak albumcovra til ei rekkje av landets største artistar.
– Min ting
Astrid S, Skaar, Fay Wildhagen, Lars Vaular og Sondre Lerche, Sondre Justad, Metteson og Iris er berre nokre av artistane som har fått kunst frå den kreative vestlendingen i ANTI.
Det byrja som ei frilans-greie, men dei siste åra har det glidd meir og meir inn i daglegjobben i ANTI.
– Og no er det ein ANTI-jobb, men det er og min ting, seier han.
Han likar best å laga vinylcover, men seier at dei digitale plattformene opnar for heilt nye moglegheiter.
– Då kan ein utvida universa. På LP stoppa det gjerne med cover og ein plakat, no har du animasjonsmoglegheiter og ein kan promotera ting på Instagram og på konsertar kan ein laga live visuals, der ein kan trekka ting vidare, seier han.
Og nett det siste, live visuals, lagar han stadig meir av. Dei siste åra har han laga det for tre av artistane på hovudscena på Øyafestivalen, nemleg Beharie, Thea & The Wild og Fay Wildhagen.
– Korleis er det å sjå resultatet av det du har jobba med på ei scena eller eit cover?
– Det er jo litt stas, det er jo det. Men det vert litt tomt når ein er ferdig; var det berre dette? Ein legg jo så masse i det, seier han og trekk fram ein av fordelane med vinyl:
– Då har ein noko handfast å halda i, seier han.
Men sjølv om han jobbar med mange store artistar, seier han at det han er mest nøgd med er det han har gjort for Simen Mitlid. Han byrja å jobba med han då han laga bacheloren sin og har sidan laga alle cover for Mitlid. Til saman nærmar det seg 30 cover no.
– Eg er ganske nøgd med at eg har klart å laga nye ting og tematikkar heile tida, men det er framleis hans ting, seier han.
Men det er likevel arbeidet for Beharie som har vore det mest omfattande, med både singel- og albumcover, merch og live visuelt til Øya. Det gav Eidsnes gull i klassen Pakningsdesign – kultur i 2024.
Det er vanskeleg å skildra Eidsnes signatur. Sjølv meiner han at om det er noko handskrift og handlaga blanda inn i noko anna, så har me han.
– Eg prøver og å laga noko eg ikkje har gjort før. Men trur og ideelt sett at eg vil laga noko minimalistisk og enkelt, men så vert det fort mykje og maksimalistisk, seier han og held fram.
Artistane kjem til han
– Det er vanskeleg å få artistane med på gjera noko heilt enkelt. Dei kjem gjerne til deg for dei har sett noko du har gjort for andre, så går det heilt andre vegar, seier han.
Og nett det med at artistane kjem til han, er og eit stikkord.
– Eg har aldri tatt kontakt med nokon for å få jobba med dei, seier han. Det er ofte ordet på gata som gjev han jobbar. Nokon ser kva han har gjort for andre, og vil ha noko i same stilen.
Han seier han likar å høyra på låtar og lesa tekstar for å få inspirasjon. Han likar og å bli kjent med artisten, slik at det ikkje berre vert eit bestillingsverk. Og han likar å ha rammer å forhalda seg til.
– Kreativitet vekst bra innanfor nokre grenser. Så om du har nokre avgrensingar, så er det der gullet kjem. Meir fridom kan vera kjekkare, men om alt er heilt fritt, så kan det verta svært vanskeleg, for ein veit ikkje kvar ein byrjar, seier han.
Om han skal jobba mykje med musikk i 2026 er ikkje klart enno, det er avhengig av kva andre prosjekt som dukkar opp. Til dømes vart det ingen musikkjobbing i 2024, då han var AD på Rekviem for Selina.
– Men eg har gjort fleire ting som kjem til å komma ut neste år, seier han.
Har du tips til denne eller andre saker? Kontakt oss på: tips@kom24.no