I «Sommarpraten» stiller KOM24 ei rekke personar i kommunikasjonsbransjen spørsmål om kva dei gjer i sommar.
I tillegg får vi blant anna høyra kva deira mest minneverdige sommarminne er, kva for ein bransjeperson de meiner ein bør følga med på, og kva råd dei vil gje til unge menneske som ønsker å lukkast i bransjen.
I dag er det designsjef og partnar i ANTI, Kristoffer Eidsnes, som svarar i Sommarpraten.
– Kva gler du deg mest til i sommar?
– Vanskeleg å kome utanom fotball-VM! Eg drøymer om Argentina og Norge i ein finale. Vi får sjå, det blir vel Frankrike som vinn. Men eg gler meg òg til late dagar på Vestlandet, kanskje ute på ein liten holme eller oppe på fjellet, med ei bok, oransjevin og litt 80-tals brasiliansk bossanova og ein teskei Italo Disco på anlegget.
– Kva er det raraste eller mest minneverdige du har opplevd på ferie?
– Kanskje å oppdage at vi hadde leigd hytte på feil øy under Trænafestivalen, og blei avhengige av ein lokal gut på 14 år som køyrde oss fram og tilbake midt på natta med ei lita jolle i tre dagar. Eg har sjeldan blitt pressa for så mykje pengar for så lite. Vi snakkar mange tusen. Samtidig må ein jo berre respektere den vesle kremmaren som hadde skjønt at han sat på monopol.
– Kven i bransjen har imponert deg det siste året?
– Eg har vore veldig imponert over gjengen i Smuss Studio. Trass i at dei berre er tre personar (og ein hund), har dei stått bak nokre av dei største og mest prisvinnande skriftdesign-jobbane i Norge den siste tida. Gigajobben for VG, med over 38.500 teikn, er kanskje den som skil seg mest ut. Det er veldig kjekt at vi klarer å løfte fram godt handverk som ein viktig og unik merkevaredifferensiator i disse tider.
– Utan å nemna nokon frå ditt eige byrå, kva er den beste kampanjen du har sett til no i år?
– Den nye identiteten til Sanity, laga av Bleed, elskar eg rett og slett. Det er eit kjempenydeleg stykke arbeid som er gjennomført frå A til Å, heilt ned i detaljane. Perfekt kombinasjon av det ekspressive og det systematiske. Veldig inspirerande, og viser kvar lista bør liggje for ein norsk merkevare.
– Kva er ditt beste råd til unge som ønsker å lukkas i kommunikasjonsbransjen?
– Ein må vere klar for å jobbe hardt. Ingenting kjem gratis, dessverre. Kanskje bør du ta på deg eit par dårleg betalte jobbar (men ikkje for mange), slik at du kan vise verda kva du kan, og kva du har lyst til å jobbe med. Dersom du berre viser fram skuleoppgåver som alle andre i klassen din òg har gjort, eller ikkje har fått sleppe til på dei mest spennande oppgåvene i byrået du jobbar i, er det vanskeleg å skilje seg ut. Det hjelper òg å tore å vere litt gærn.
Du må vera med i et realityprogram. Kva vel du, og kvifor?
– Eg hadde vore ein utmerka Forræder.