Kristin Grimstad nyt late stranddagar i Barcelona.

☀️Sommarpraten:

ANTI-sjefen gler seg til Spania – og hyllar unge som torer å bretta opp ermene

ANTI-sjef Kristin Grimstad gler seg til strandliv i Barcelona med storfamilien – og minnest ein ganske «off» spaferie under Ramadan. Ho hyllar bransjens eldsjeler og oppmodar unge til å vera nysgjerrige – og ikkje redde for å ta i eit tak.

Publisert

I «Sommarpraten» stiller KOM24 ei rekke personar i kommunikasjonsbransjen spørsmål om kva dei gjer i sommar. 

I tillegg får me blant anna høyra kva deira mest minneverdige sommarminne er, kva bransjeperson dei meiner ein bør følgja med på, og kva råd dei vil gi til unge menneske som ynskjer å lukkast i bransjen. 

I dag er det Kristin Grimstad, dagleg leiar og partnar i ANTI, som svarar i Sommarpraten.

– Kva gler du deg mest til i sommar?

– Eg gleder meg skikkeleg til å ta med meg storfamilien til sommarhuset i Barcelona. Da blir det late dagar på stranda, mykje god mat og seine kveldar. Heilt perfekt avbrekk frå kvardagen.

– Kva er det raraste eller mest minneverdige du har opplevd på ferie?

– Veit ikkje om det er så rart, men det var litt off å vere på spaferie med gode venninner i Tunisia, under Ramadan. 30 grader, solsteik, og null inntak av mat for alle behandlerne er ein relativt dårleg kombo for opplevinga. Alle behandlerne var fullstendig energilause, så det blei så som så med dei massasjane.

– Kven i bransjen har imponert deg det siste året?

– Det er veldig mange som har imponert meg i bransjen siste året. Det har vore nokre skikkeleg tøffe år, men likevel så er bransjen full av ambisiøse eldsjeler som brenner for faget og held den kreative fana høgt. Vi i ANTI er veldig opptatt av balansen mellom faglege ambisjonar og godt arbeidsmiljø. Ein annan leder som også er opptatt av det og som imponerer meg med sitt engasjement for både fag og folk, er Camilla Kim Kielland i Morgenstern. Kudos til henne.

– Utan å nemne nokon frå ditt eige byrå, kva er den beste kampanjen du har sett til no i år?

– Det er skikkeleg vanskeleg å velje, så da trur eg at eg landar på ein ganske ny ein. IKEA sin «laget for livet» liker eg godt. Den rommar heile merkevara og bruker merkevara på ein god måte. Eg synest IKEA er flinke til å stå i merkevara sin og bruke den på best mogleg vis heilt ut i kommunikasjon.

– Kva er ditt beste råd til unge som ønskjer å lukkast i kommunikasjonsbransjen?

– Vêr nysgjerrig! Og så må du ikkje vere redd for å ta i eit tak.

– Du må vere med i eit realityprogram. Kva vel du, og kvifor?

– Som dei fleste andre i Noreg så ville eg nok valt 71 grader nord. Tenk å få lov til å logge av jaget, reise på tur i dette fantastiske landet, saman med ein god gjeng – og der alle opplevingar er planlagt og tilrettelagt. Drømmeopplegg!

Har du tips til denne eller andre saker? Kontakt oss på: tips@kom24.no

Powered by Labrador CMS