Mariell Sæternes lovar at ho skal verta flinkare til å vaska bilen sin i 2026.
Mariell Sæternes lovar at ho skal verta flinkare til å vaska bilen sin i 2026.

#Julepraten

Mariell Sæternes: – Eg elskar jul!

– Eg har lyst og seia at eg skal redusere skjermtid, men av erfaring pleie eg ikkje å få det til

Publisert

KOM24 har stilt sju spørsmål til ei rekke folk i kommunikasjonsbransjen om året som har gått, og kva dei gjer denne jula.

I dag er det avtroppande dagleg leiar i Salgs- og reklameforeningen i Bergen og påtroppande sjef i Apriil Reklame & Design, Mariell Sæternes, som svarer i julepraten.

– Kva gjer du i jula?

– Jula blir feira i Bergen, slik den blir annakvart år, med familien til min mann. Før vi i romjula reise vidare til Aurland for romjulshygge og nyttårsfeiring med mi side av familien. Eg elska jul – og ser sjølvsagt tre nøtter til askepott, ete julefrokost med mormor sine julerundstykke, tek fram årets julehefte og nyte juletida i lag med familie og venna.

– Kva står på middagsbordet på julaftan?

Pinnekjøtt sjølvsagt!

– Kva vil du anbefala andre å lytta til/smaka på/lesa/sjå eller høyra denne jula?

– Juletradisjonar er jo litt å gjere det same kvart år, men eg vil slå eit slag for rakfisk! Nydeleg å ha som romjulsmat når ein treng noko som ikkje er så tung mat.

– Kva er det mest morosame du har opplevd dette året?

– Definitivt SRF sitt 100 årsjubileum! Marked og salgsfolk er dei kjekkaste å feire med – dei kan å kose seg både på konferanse og på fest!

– Kva skal du bli betre til neste år?

– Skal bli betre på å vaske bilen oftare. Den kjem nedst på prioriteringslista og bere preg av det, så der er det skjerpings!

– Kva er din spådom for kommunikasjonsbransjen i 2026?

– Her er det kanskje vanskeleg å kome med noko som ikkje berre slår inn opne dører, men KI auke tempoet, volum og testing i eit nivå vi aldri har sett før, og nettopp derfor får kreativitet ein sterkare posisjon enn på lenge. Når folk ser stadig fleire KI-genererte bodskap, blir skepsisen større – og ektheit viktigare. Det som opplevast menneskeleg, modig og tydeleg skilje seg ut vinne, mens det generiske forsvinn i støyen.

– Kva er ditt nyttårsforsett?

– Eg har lyst og seia at eg skal redusere skjermtid, men av erfaring pleie eg ikkje å få det til. Så då må det nok bli at eg skal drikke mindre energidrikk, og for ein som ikkje drikk kaffi – er det ikkje lett!

Har du tips til denne eller andre saker? Kontakt oss på: tips@kom24.no

Powered by Labrador CMS