Arve Uglum, avtroppande redaktør i Sogn Avis

Det ingen skulle tru:

Avisredaktør vert kom.sjef i Helse Førde

– Har alltid hatt ein draum om å jobba med kommunikasjon.

Publisert Sist oppdatert

– For det første har eg alltid drøymt om å runda bransjen, og få jobba med kommunikasjon. Ein like freistande organisasjon å gjera det i, med slike vilkår som eg får no, er det vanskeleg å førestilla seg at eg får igjen. Det er ein stor kommunikasjonsjobb, som gir meg høve til å halda fram å bu i Sogndal.

Det seier Arve Uglum til eiga avis.

Etter fire og eit halvt år som redaktør i Sogn avis melder han no overgang til kommunikasjonsbransjen, for å verta kommunikasjonssjef i Helse Førde. 

Grunnen til at han no gjev seg er at han ikkje har lyst til å halda fram med å gjera det han gjer no i 17 nye år.

– Det var berre tanken på å gjera det same i 17 år som verka lenge, spesielt når eg har noko veldig freistande å gå til. Noko eg aldri har prøvd før, seier han.

Uglum kom til avisa etter 20 år i NRK. For mange er han nok mest kjend som stemma i Der ingen skulle tru at nokon kunne bu i fem år. 

Uglum har i utgangspunktet ei oppseiingstid på seks månader før han kan byta jobb.

Har du tips til denne eller andre saker? Kontakt oss på: tips@kom24.no

Powered by Labrador CMS