I vesle Førde leitar dei etter fem trainee-ar innan kommunikasjon. Ein av kandidatane vil få jobba med Marie Havnen i Lotteritilsynet.

I denne vesle vestlandsbyen leitar dei etter fem kommunikasjonstraineear

– Dei bedriftene som ikkje er synlege i sosiale medier som arbeidsgjevarar vil tapa arbeidsmarkedet på litt sikt.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

– Det er alltid sunt med nye auger.

Det seier kommunikasjons og strategidirektør i Lotteri og stiftelsestilsynet, Marie Havnen, til KOM24.

Ho jobbar i ei av fire bedrifter i vesle Førde med sine knappe 10 000 innbyggarar i tettstaden og 22 000 innbyggarar i kommunen, som no søker etter ein trainee innan kommunikasjonsfaget.

Trur på hard kamp om dei beste

– Eg trur det vil verta kamp om dei beste søkarane og eg håpar det vert så mange søkarar at alle får inn gode og flinke folk, seier Havnen.

Dette er fyrste gong sidan 2017 at Lotteritilsynet har lyst ut etter kommunikasjonsrådgjevar-trainee.

– For oss er det bra å få inn nokon som er nyutdanna og ser ting med nye auger og kan komplementera den kompetansen som me har fra før av på avdelinga, seier ho.

Men det føl og med ein kostnad med ei slik stilling. Den som får jobben må lærast opp.

– I sum vil det absolutt vera eit positivt og eit bra tilskot. Det kostar i form av innsats i opplæring, men den kostnaden er mindre enn det me får att, trur eg. Det vert bra å få inn nokon som er ferske og som har lyst til å læra, seier ho.

Planen er at den personen som får jobb i Lotteritilsynet skal arbeide med kommunikasjon innan alle dei tre fagområda på huset i løpet av året, slik at vedkomande får breiast mogleg erfaring.

Men det ligg ikkje noko fast jobb og ventar i det fjerne.

– Det Iigg i utgangspunktet ikkje noko fast stilling som ventar. Men korleis landskapet ser ut i 2022 veit me heller ikkje enno. Det vil vera mogleg, men det er ingen garanti, seier Havnen som peikar på at det i so tilfelle er utanfor dei stillingsheimlane som er der per i dag.

I dag er dei tre personar i kommunikasjonsstaben til Lotteritilsynet.

Vil gjerne ha fleire søkarar

Dei andre som leitar etter kommunikasjonsrådgjevarar er Tibber, Helse Førde, Sunnfjord kommune og Norec.

Traineeordninga i seg sjølv er ein start på arbeidslivet og folk kan prøva å bu i Vestland eit år og samtidig få arbeidserfaring.

Havnen seier ho er spent på korleis koronapandemien slår ut på søkartala i år. Framleis er det litt over ei veke att av søknadsfristen.

– Me vil gjerne ha fleire søkarar, seier ho.

Det er via prosjektet Framtidsfylket at alle traineestillingane er lyst ut. Framtidsfylket jobbar for å rekruttere og behalde kompetanse og arbeidskraft i Vestland. Selskapet er eigd av 36 verksemder frå både privat og offentleg sektor.

Dagleg leiar Linda Hovland meiner det er heilt naturleg at det vert søkt etter kommunikasjonsrådgjevarar.

– Kommunikasjon er nøkkelen til suksess, det trur eg fleire og fleire oppdagar, seier ho.

– Bedriftene ønsker å styra kva kommunikasjon som kjem ut. Og det er målretta arbeid. Ein ser at den digitale verden gjer at ein må kommunisera på ein annan måte enn før ein må eige noko av det sjølv. Og dei bedriftene som ikkje er synlege i sosiale medier som arbeidsgjevarar vil tapa arbeidsmarkedet på litt sikt, trur ho.

Dei siste åra har dei hatt to kommunikasjonstrainee-stillingar årleg og det kjem inn rundt 30 søkarar årleg. Før det har det vore meir sporadisk kor tid det har vore kommunikasjonsstillingar ute.

Ung og fersk kompetanse

Årets kull vert det 18.kullet dei sender gjennom. Totalt er det 36 stillingar dei har ute. Ein kan ikkje ha meir enn tre års arbeidserfaring når ein søker.

– Dette er ein flott måte å starta yrkeslivet på. Ung og fersk kompetanse er nyttig for verksemder når dei skal løfta utviklignsprosjekt. Dei som er med på programmet får her eit nettverk med andre unge som er i same livsfase. Dei får og eit sosialt nettverk som dei kan forholde seg til. Me legg opp til eit samlingsbasert program der ein kan bli kjent med seg sjølv som arbeidstakar, seier ho.

I fjor fekk dei inn rundt 700 søkarar til dei 33 stillingane som då var ute, 50 prosent av dei kom frå utanfor Vestland.

Powered by Labrador CMS