Dagleg leiar Roger Hovland i Voss kommunikasjon sammen med Terje Olsen som var dagleg leiar i nye Mediesmio.
Dagleg leiar Roger Hovland i Voss kommunikasjon sammen med Terje Olsen som var dagleg leiar i nye Mediesmio.

Mediesmio på Voss er konkurs

Berre tre år etter oppstarten er byrået konkurs.

Publisert Sist oppdatert

Mediesmio på Voss er konkurs. 

Byrået vart etablert sommaren 2021 og målet var at Mediesmio skulle verta landets beste mediebyrå for kundar på bygda.

Men no er det altså slutt. 

Vinteren 2022 skreiv avisa Hordaland at byrået hadde fått tre nye tilsette på fire månader og at dei då var fire tilsette. 

Det fyrste heile året for Mediesmio var 2022 og rekneskapstala frå det året viser at dei hadde inntekter på 1,8 millionar kroner og at dei enda med året med eit tap på 2,2 millionar kroner. 

Dagleg leiar i byrået, Andre Bjørkhaug, var ferdig i stillinga for to veker sidan, ei stilling han hadde hatt sidan april 2022.

Bjørkhaug som eig ti prosent av byrået er på vinterferie og har ikkje høve til å uttala seg om konkursen og viser til styreleiar Roger Hovland.

KOM24 har vore i kontakt med styreleiar Roger Hovland, som seier han ikkje har tid til å snakka med pressa, har sendt ut ei pressemelding.

Der skriv han at 

– Ein såg ein tydeleg trend i slutten på fjoråret der omsetninga fall og at prognosane for dette fortsett i starten på 2024. Deler av årsaka til dette er nok auka kostnader for bedrifter i regionen og at tenester som Mediesmio leverer ofte er dei ein kuttar i slike situasjonar.

Avisa Hordaland og Voss Kommunikasjon eigde i utgangspunktet 50 prosent kvar av selskapet.

Men i notane etter rekneskapen i 2022 skriv ein at den kortsiktige gjelda var 314 000 kroner mein enn selskapet si samla eiga, noko som skuldast oppstarten.

Det står og at føresetnadane som låg til grunn for eigarane sitt bidrag med sal og administrative tenester til selskapet ikkje har vorte innfridd av begge eigarane.

Ein skriv og vidare at styret såg for seg vidare drift ved at eine eigaren trer til sides og dei tilsette kjøper seg opp i selskapet, samstundes som den andre eigaren tilfører kapital.

I pressemeldinga står det at selskapet omstrukturerte seg via ein emisjon i 2023, der Hordaland L/L trekte seg ut og to tilsette saman med Voss Kommunikasjon overtok aksjane og tilførte kapital til selskapet.

Ein sette seg då som mål at selskapet skulle forsøka å komma seg i balanse i løpet av 2023, noko ein ikkje har klart.

I følge tenesta Proff Forvalt står det at ved konkursen så var LL Hordaland, som eig avisa Hordaland og Voss kommunikasjon dei to største eigaren og hadde ein eigardel på 41,48 prosent kvar.

Tidlegare dagleg leiar Bjørkhaug eigde ti prosent og ein av dei tilsette hadde ein eigardel på sju prosent ved konkursen.

Powered by Labrador CMS