Ingvild Engesæter er en overlege ved Haukeland universitetssykehus som er en av hovedpersonene i NRK-serien «Barnesykehuset».
Ingvild Engesæter er en overlege ved Haukeland universitetssykehus som er en av hovedpersonene i NRK-serien «Barnesykehuset».

Kom.avdelinga på Haukeland blir heidra med kommunikasjonspris

Vert heidra for sitt arbeid med NRK og tv-serien Barnesjukehuset.

Publisert

(Kulturhuset, Bergen): Haukeland universitetssjukehus si kommunikasjonsavdeling stikk av med den årlege Komvest-prisen.

Prisen vart delt ut under Kommunikasjonsforeningen Vestland sitt haustarrangement i Bergen.

Juryen skriv i grunngjevinga si at årets vinnar er ein kandidat som viser fram eit grundig strategisk kommunikasjonsarbeid. 

Dei dreg og fram at kommunikasjonsavdelinga har gjort prosjektet mogleg ved å sikre forankring i leiinga og i organisasjonen. Ved å informere, trygge, lage rutinar for involverte deltakarar har dei klart å rekruttere deltakarar internt og eksternt. Effekten av prosjektet er auka tillit til den offentlege instansen, stoltheit over eigen arbeidsplass, auka rekruttering til arbeidsplassen.

Sjøfartsdirektoratet og Universitetet i Bergen får og heiderleg omtale.

Har du tips til denne eller andre saker? Kontakt oss på: tips@kom24.no

Powered by Labrador CMS