☀️Sommarpraten:
Jon Hjørnevik vil verta fyrste lyrikar på månen: – Smalt og globalt
Deler sitt aller beste råd til dei som vil opp og fram i bransjen.
I «Sommarpraten» stiller KOM24 ei rekke personar i kommunikasjonsbransjen spørsmål om kva dei gjer i sommar.
I tillegg får me blant anna høyra kva deira mest minneverdige sommarminne er, kva bransjeperson dei meiner ein bør følgja med på, og kva råd dei vil gi til unge menneske som ynskjer å lukkast i bransjen.
I dag er det Jon Hjørnevik, poet og kreatør i Knowit, som svarar i Sommarpraten.
– Kva gler du deg mest til i sommar?
– At flyet lettar.
– Kva er det raraste eller mest minneverdige du har opplevd på ferie?
– Ein franskmann som likte å snakke engelsk
– Kven i bransjen har imponert deg det siste året?
– I bilbransjen er det nok Knudsen Auto i Blomsterdalen. Fiksa nyleg passaten på rekordtid. Det klatre f … ikkje Møller på Nesttun.
– Utan å nemna nokon frå ditt eige byrå, kva er den beste kampanjen du har sett til no i år?
– Lagunen hadde ein kampanje på ting du trenger til sommarferien. Funka på meg.
– Kva er ditt beste råd til unge som ynskjer å lukkast i kommunikasjonsbransjen?
Go with the flow og sjå viktig ut når dei tek bilete.
– Du må vera med i eit realityprogram. Kva vel du, og kvifor?
– Første lyrikar på Månen. Smalt og globalt.
Har du tips til denne eller andre saker? Kontakt oss på: tips@kom24.no