Med tanke på at mottoet i teamet vårt er «leik, test, lær!», og at kontrollspørsmålet for å sjekke kor alvorleg feil vi har gjort, er «er nokon død?», så burde eg gjere feil mykje oftare.

#Sommarpraten

– Blikket kjemikaren sende meg medan ho desperat prøvde å redde stumpane, var eigna til å ta livet av meg

Kjemieksperiment gjekk gale då Anna Brandal skulle rapportera på direkten for NRK.

Publisert

I «Sommarpraten» stiller KOM24 ei rekke personar i kommunikasjonsbransjen spørsmål om kva dei gjer i sommar. I tillegg får me blant anna høyra kva deira beste sommarminne er, kven i bransjen dei meiner ein bør følga med på, og kva råd dei vil gje til unge menneske som ønsker å lukkast i bransjen.

I dag er det Anna Brandal, kommunikasjonssjef i Nordland fylkeskommune, som svarar i Sommarpraten.

– Har du pass?

– Ja, men sidan eg har fjerna ein bindestrek og eit namn sidan sist, så er det ikkje heilt rett. Dermed må eg enten bestille reise i feil namn, eller få meg nytt pass.

– Kva skal du gjera i sommar?

– Vi startar med fotballturnering i Piteå, der eg er med som trenar for ein flott gjeng 15 år gamle jenter frå IK Grand. Deretter vert det eit kort stopp i Stockholm, og så skal vi til «vårres eget Gran Canaria», som mannen min kallar det – heim til Vanylven på Sunnmøre. Dit dreg vi minst to gongar i året saman med resten av storfamilien, og helst endå oftare!

– Kva er ditt beste sommerminne?

– Vi er ei familie som gjerne køyrer på ferie, og då borna var 4 og 6 år gamle køyrde vi frå Bodø til Barcelona tur/retur i ein flott kabriolet. Det kom ikkje ei einaste klage frå nokon av dei, før vi var 1,5 time unna Bodø på vegen tilbake. Då hadde vi køyrt i over hundre timar til saman, på under 3 veker. Vi opplevde innmari mykje på ferda gjennom ni land, og hadde det kjempeartig saman i bilen. Så for familien vår er det: Ut på tur, aldri sur, så lenge vi slepp å ligge i telt …

– Utan å nemna noko frå eigen arbeidsplass, kva kampanje har imponert deg så langt i år?

– Det er berre nokre få dagar sidan eg sende skryt til Ritha Johansen i Malebarisk på Skrova utanfor Svolvær i Lofoten.

Ho har lagt ned eit imponerande arbeid i marknadsføringa og brandinga av Skrova-samfunnet dei seinare åra. Frå gjennomførte logoar til både korps og andre på Skrova, til jobbing med søkemotoroptimalisering og synlegheit på både tradisjonelle og nyare plattformer. Ho har arbeidd ekstremt målretta, over lang tid, med ein tydeleg raud tråd, noko som verkeleg ber frukter for øya som vert kalla Lofotens Hawaii.

Er det ein stad ein bør reise til utanfor allfarveg, så er det Skrova, for der skjer det utruleg mykje spennande for tida. Det er til og med tilrettelagt for å kunne ta heimekontor der (away from home), ved å leige seg inn på Hovedkontoret. Søk opp det, og bruk ei veke der med kombinasjonen jobb og rekreasjon!

– Nemn ein bransjeperson å sjå opp for i framtida

– Det kjem veldig mange unge og spennande personar innanfor kommunikasjonsfaget i desse dagar. Dei har ein heilt annan utdanningsbakgrunn enn vi gamle, slitne travarane.

Ei av desse er Ida Johanne Jønsberg. Ho har ein «killer-kombinasjon» med kompetanse på tenestedesign, master i visuell kommunikasjon, ho er svært god på foto, og samtidig er ho svært god både teknisk og digitalt. I tillegg har ho ein unik kombinasjon av stor kreativitet og innmari god orden, som gjer at ho alltid leverer kjempegode produkt innanfor tidsfristane. Ho er eit namn å sjå opp for, sjølv om ho bur og arbeider i «vesle» Bodø.

– Når tryna du sist på jobb?

– Det er altfor lenge sidan! Med tanke på at mottoet i teamet vårt er «leik, test, lær!», og at kontrollspørsmålet for å sjekke kor alvorleg feil vi har gjort, er «er nokon død?», så burde eg gjere feil mykje oftare. Så dette vart ei påminning til meg sjølv om at eg må ta fleire sjansar. Utan at vi tør å prøve og feile, så får vi null utvikling. Då er det berre å legge inn årane!

– Kva er den største tabben du har gjort på jobb?

– Hahaha, då eg arbeidde i NRK, var eg ute på eit direkteintervju på radio, med ein kjemikar frå Statoil. Ho hadde sett opp eit digert eksperiment med ei bråte med reagensrøyr og -glas på eit bord inne på eit klasserom.

Eksperimentet skulle gjerast på direkten, og då klarsignalet kom på øyret mitt, snudde eg meg rundt til ho eg skulle intervjue. I same rørsle gestikulerte eg med handa, og velta nesten alle glasa, med innhald, utover bordet. Alt dette skjedde på direkten, så eg måtte halde fram å prate og skildre kva som skjedde slik at alle lyttarane også fekk direkterapport frå flausen.

Blikket kjemikaren sende meg medan ho desperat prøvde å redde stumpane, var eigna til å ta livet av meg …

– Kva er ditt beste råd til nokon som ønsker å lykkes i kommunikasjonsbransjen?

– Leik med alt som er mogleg å leike med – språk, bilete, video, form og folk, ver tilgjengeleg og serviceinnstilt heile døgnet året rundt, og hugs at det ikkje er farleg å gjere feil!

Powered by Labrador CMS