MEININGAR:
NFF byrjar å få eit gigantisk omdømmeproblem
«Publikum strøymer til kampane og Eliteserien leverer resultat i Europa som aldri før og landslaget ser plutseleg ut til å vera på veg til eit meisterskap for fyrste gong på 26 år. Men utanfor bana bommar folka deira gong på gong», skriv redaktør Yngve Garen Svardal
Det er ikkje ofte Se og Hør får folks sympati, men etter helgas kjendisbryllaup i Oslo, der Martin Ødegaards innleigde vaktselskap fysisk kasta fotografen deira, Andreas Fadum, er det faktisk på sin plass.
Bakgrunnen er at ein av landets beste fotballspelarar, Arsenal-kaptein Martin Ødegaard gifta seg med Helene Spilling, no Helene Spilling Ødegaard. Det vekker naturlegvis pressas merksemd og det var ein hard kamp om å sikra seg bilete og dei beste historiene når internasjonale fotballstjerner som Bukayo Saka, Leandro Trossard og Kai Havertz er på plass i Noreg, saman med ei rekke andre norske kjendisar.
@nettavisen.no Her blir journalisten kastet ut #helenespilling #martinødegaard #arsenal #bryllup #martinodegaard ♬ original sound - Nettavisen
For å sikra at vakthaldet var på plass hadde Ødegaard hyra inn Geir Ellefsen, som er landslagets tryggingssjef. At eit fotballandslag som har så mange store stjerner har ein tryggingssjef, det er heilt naturleg. Kanskje er det og greitt at han tek på seg oppdrag på fritida for andre.
Men måten han handterte situasjonen på viser ein mangel på forståing for kva spelereglar me har her i landet.
Til VG sa Ellefsen at «– Min beskjed på forhånd var at hvis ikke folk hørte etter beskjedene de fikk og de reglene vi hadde, så skulle de fjernes.»
Han hevdar overfor avisa at fotografen var på veg mot gjestene og at vaktene difor hadde rett til å gripa inn.
Til å vera tidlegare politimann verkar det som om kunnskapen om lovar og reglar er minimale hjå Ellefsen. Det å fotografera folk i det offentlege er lov og sjølv om fotografen kan ha vore nærgåande har ikkje desse innleigde vaktene mynde til å bæra vekk folk. Det er det det ekte politiet som skal gjera.
Dessutan stadfestar Ellefsen til Se & Hør at dette ikkje er vakter frå eit selskap, men «det var to jeg kjenner fra før som gjorde jobben – og som var helt kompetente personer.»
No er det greitt å ha i mente at Se og Hør har ei lang historie med å gjera mykje for å sikra seg dei beste bileta, og av og til går det for langt, men førebels er det ikkje noko som tydar på at dei gjekk over streken her og bladet har valt å politimelda saka.
Det er og lett å seia at dette ikkje har noko med NFF å gjera, men det har det.
Det er to av deira profilar som er involvert, og dei har vorte kjent gjennom at den eine er landslagsspelar og den andre har tryggingsansvaret på landslaget og no tek han på seg private jobbar for landslagskapteinen.
Dette i seg sjølv er ikkje den største saka, men den peikar på eit bilete om korleis Fotballforbundets folk opptrer og korleis deira omdømme stadig vekk vert råka.
Det er ikkje lenger enn førre landslagssamling der landslagets pressesjef, Morten Morrisbakk Skjønberg fysisk reiv tak i Antoni Nusa og kalla det «berre surr» då FotMob ville dela ut si etter kvart så legendariske geit (G.O.A.T) til kampens beste. Etterpå fekk Artian Berisha kjeft av Forbundet. Nusa på si side valde å gå tilbake for å ta i mot premien.
@btballspark Her blir Antonio Nusa revet vekk i forsøk på å motta FotMob-geiten #nusa #norway #oslo #italy ♬ original sound - Ballspark
– Eg følte eg gjorde noko kriminelt, sa Berisha til Bergens Tidenes TikTok-konto, ein video som har fått over 200 000 visningar.
200 000 visningar, berre for pressesjefen ikkje likar noko og det heile får eit negativt spinn. Dette kunne han ha løyst så enormt mykje betre.
Kva vurdering NFFs folk gjorde i denne saka er det ikkje lett å skjøna. Kvifor skulle pressesjefen fysisk dra vekk ein spelar, som openbert ville ha denne geita? Nusa er ein vaksen mann og kan ta eigne val. FotMob har fått løyve til å vera i mixed zone og har gjennom sine kanalar definitivt vore med og bygd opp interessa rundt norsk fotball dei siste åra.
Så kan me snakka om VAR.
Der kan me ta det siste fyrst, og det er måten forbundet kommuniserer rundt dei mange svært omstridde avgjerslene.
Og jadå, dette vert litt nerdete og millimetertungt, men det er viktig for å gje deg eit bilete på situasjonen. For dette har ført til tusenvis av rasande mennesker på tribunar over heile landet, protest-aksjonar, enorme mengder presseoppslag og generell negativitet.
Det har vore både hands-situasjonar og centimeter-avgjersler som har vore særs kontroversielle.
Mellom anna då dei meinte Rosenborgs Sverre Nypan var 7,5 centimeter offside mot Kristiansund, men dagen etter hadde VAR-beviset endra seg, Kasper Høegh var i fjor i 35,5 cm offside meinte NFF, før dei seinare innrømde at det berre var fem centimeter.
I kampen mellom Kristiansund og Viking er dei nede på millimeternivå og meiner to annullerte måla var høvesvis 323 og 391 millimeter offside, då har me ikkje ein gong tatt for oss Stabæk-fan og VAR-kritikar Bjørnar «Posse» Sandboes lange forklaring på kvifor NFFs millimeter-system ikkje er til å stola på.
Når det gjeld Sandboe, han avdekka at NFF skal ha endra regelverket rett før sitt eige fjernsynsprogram, Dommerfokus. Sandboe meiner NFF gjer det for å tilpassa regelverket til tidlegare avgjersler, medan dommarsjef Terje Hauge seier til VG at dei gjorde dette grunna ei ny tolking av handsreglane hjå UEFA.
Etter ein vår prega av ei rekke kontroversielle VAR-saker har forbundet og generalsekretær Karl Petter Løken stilt opp i eit intervju i NRK med berre skriftlege svar og innrømt at dei tok feil i to VAR-tilfelle. På to av spørsmåla har han elles svart nøyaktig det same, ord for ord.
Dette er berre eit lite utval av alle sakene som har ført til medieoppslag etter medieoppslag i nasjonal, regional og lokal presse. Stort sett aldri eit positivt oppslag, men mange kritiske spørsmål. Svaret er stort sett at det vil verta betre. Men dei som ser fotball stiller alle seg spørsmålet; Kor tid?
No har det vore eit par år med flest negative oppslag. Det kan verta kostbart for NFFs attraktivitet som sponsorobjekt.
Nett no tyder mykje på at me kjem til VM og då vil sponsorane flokka til landslaget uansett, men kvardagen vil komma tilbake der me ser på Andorra som ein tøff motstandar og 9000 menneske kjem på landskampar.
Då er det dyrt å ikkje ha lagt eit godt grunnlag i oppgangstider.
Og så har me heile prosessen med å innføra VAR.
Same kveld både Brann, Molde og Tromsø spelte kvalifiseringskampar til Europacupen kalla Forbundet inn til «lansering av strategiarbeid for norsk fotball dei neste fem åra, samt endeleg mandat og samansetning av arbeidsgruppa som skal sjå på og greia ut ulike problemstillingar med VAR». Dette var elles ein seanse dei ikkje meinte var vits å strøyma.
19 av 32 toppklubbar sa nei til VAR etter eit supporteropprør på årsmøta, inkludert 11 av 16 klubbar i Eliteserien. Likevel gjekk Forbundet vidare med prosessen og fekk eit rungande fleirtal på Forbundstinget for å halda fram med VAR, då 321 klubbar stemte for VAR og berre 129 klubbar stemte mot.
Dette bidreg ikkje akkurat særleg godt til stemninga blant dei tusenvis av menneska som kvar helg går på kamp i Noreg, og som er akkurat dei folka NFF er avhengige av at gjev «produktet», for å bruka verdas verste ord, legitimitet og som sørger for at fotballen er eit attraktivt sponsorobjekt.
Det har omtrent aldri vore så mange folk på kamp i Noreg som no for tida, då har ikkje NFF råd til å støyta frå seg kjernepublikummet sitt.
Ja då, supporterane har alltid mislikt NFF og mange syng «Hatar NFF» på tribunen, stort sett av gammal vane. Men det er naturleg. Det er dynamikken mellom supporter og forbund, folket og makta, om du vil. Det er NFF som handhevar fotball-regelverket, det er deira representantar som dømmer på bana, det er dei som alltid vil akkurat din klubb så inderleg vondt. Og fotballsupporterar er konservative menneske, som stort sett ikkje likar endringar.
Då krevst det god, smart og innsiktsfull kommunikasjon. Ikkje ei ovanfrå og ned haldning, som mange kjenner på no.
Eg meiner at alt dette gjev eit totalbilete det er grunn til å uroa seg over.
Det må vera lov å stilla spørsmål om kva slags kultur det er i gangane på Ullevaal stadion. Over lang tid har representantar for Forbundet sett seg sjølv i situasjonar der omdømmet vert råka og tråkka på, stort sett kunne dei ha løyst det på betre måtar.
Dette har ikkje NFF råd til å halda fram med.
———————————————-
Dette er et meiningsinnlegg, og gir uttrykk for skribentens meining. Har du lyst til å skrive i KOM24? Send ditt innlegg til meninger@kom24.no.