Åse Wetås har takka ja til ein ny periode som direktør i Språkrådet.

Åse Wetås er tilsett for ein ny åremålsperiode i Språkrådet

Har takka ja til ein ny periode som direktør i Språkrådet.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Wetås har vore direktør i Språkrådet frå desember 2015 og er no tilsett for ein ny åremålsperiode på seks år.

– Eg er glad for at Åse Wetås har takka ja til ein ny periode som direktør i Språkrådet. I april vedtok Stortinget ei ny språklov. Språkrådet skal bidra til at lova blir etterlevd, og at språkpolitikken blir følgt opp som sektorovergripande politikkområde. Åse Wetås har solid fagleg kompetanse og erfaring som gjer at ho er rett person til å leie dette viktige arbeidet, seier kultur- og likestillingsminister Abid Raja, i ei pressemelding.

Wetås var prosjektdirektør for Norsk Ordbok i 2014 frå 2008, før ho vart tilsett som direktør i Språkrådet i 2015.

Språkrådet er statens forvaltningsorgan i språkspørsmål, og skal gjennom målretta aktivitetar fremje norsk språks status og bruk på utsette samfunnsområde.

Dei skal bidra til å fremje norsk teiknspråk og nasjonale minoritetsspråk. Vidare er Språkrådet stadnamnteneste for norske og kvenske stadnamn.

Verksemda har 36 tilsette og eit driftsbudsjett på om lag 43 millionar kroner i 2021.

Powered by Labrador CMS