Unni Berge.

#Sommarpraten

Unni nektar å snakka om den største tabben ho har gjort på jobb

– Tru meg, den tabben har eg ikkje tenkt å minne folk på.

Publisert

I «Sommarpraten» stiller KOM24 ei rekke personar i kommunikasjonsbransjen spørsmål om kva dei gjer i sommar. I tillegg får me høyra litt om kva tabbar vedkommande sjølv har gjort på jobb og kva råd dei vil gje andre som ynskjer å lukkast i bransjen.

I dag er det liar kommunikasjon og samfunnskontakt i Norsk elbilforening Unni Berge som svarar på sommarpraten.

– Har du pass

– Ja. Men har tenkt å kruse rundt med elbilen i Norge og Sverige i sommar, så treng det strengt tatt ikkje.

– Kva skal du gjera i sommar?

– Det blir besøk hjå vener i svensk skjergard, seterbesøk i Gudbrandsdalen og så late sommardagar ved Dalsfjorden i Sunnfjord. På minst to av stadene er mobildekninga skral, og det har sine positive sider.

– Kva er ditt beste sommarminne?

– Interrail med familien sommaren før korona. Tog er ein avslappande måte å oppleve Europa på, det tek deg heilt inn til sentrum i storbyar, ein slepp innsjekkingskøar på flyplassar og strev med å finne parkeringsplass til bilen. Angrar berre på at vi ikkje hoppa av i Ljubljana, så neste år må det bli ein ny tur.

– Utan å nemna noko frå eigen arbeidsplass, kva kampanje har imponert deg så langt i år?

– I år vedtok landsmøtet til folkeaksjonen mot oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja å legge seg sjølv ned. Det blir ikkje større suksess for ein kampanje enn når saka ein har kjempa for i fleire tiår, faktisk er vunnen. Dei legg seg ned med stor fest i Kabelvåg neste sommar.

– Nemn ein bransjeperson å sjå opp for i framtida

– Sjølv om eg leiar kommunikasjonsarbeidet til Elbilforeningen, så følger eg ikkje kommunikasjonsbransjen særleg tett.

– Kor tid tryna du sist på jobb?

– Veit ikkje om vi tryna, men det var litt dårleg stemning på jobben då kommunikasjonsdirektøren i Statens vegvesen bestemte seg for å stenge oss ute av pressekonferansen der dei tilrådde avvikling av miljørabatt i bompengebetaling for elbil.

– Kva er den største tabben du har gjort på jobb?

– Tru meg, den tabben har eg ikkje tenkt å minne folk på. Men ein uskyldig tabbe skjedde første sommaren på jobb i Elbilforeningen, og eg trudde at ein ladeboks som låg på bordet var ein berbar skriv. Det var vel ei påminning om at ein må kunne sakene ein skal kommunisere om.

– Kva er ditt beste råd til ein som ynskjer å lukkast i kommunikasjonsbransjen?

– Å unngå flosklar og moter, men heller bli god på klart og godt språk. God kommunikasjon handlar aller mest om å ha ein god sak, og så forklare den enkelt og forståeleg.

Powered by Labrador CMS