Simen Gald er SoMe-ansvarleg og rådgjevar i Presse- og kommunikasjonsseksjonen (PKS) i Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Simen er ny SoMe-ansvarleg i Hadia Tajiks departement

Forlèt jobb som kommunikasjonsrådgjevar i FHI for å verta SoMe-ansvarleg i departement.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

– Denne månaden er eg under opplæring til å kunne gå inn i pressevaktordninga, noko eg ser veldig fram til, seier Simen Gald til KOM24.

Han har nyleg byrja som SoMe-ansvarleg og rådgjevar i Presse- og kommunikasjonsseksjonen (PKS) i Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Han har ambisjonane klare for sin nye jobb.

Tips og triks

– Eg håper å kunne bidra til å løfte arbeidet til departementet i ein mykje større grad ut på sosiale medium, gjennom bruk av video, nyheitsgrafikk, stillbilete og så vidare. Hittil har eg brukt tid på å få sett meg inn i dei ulike kanalane og gjerne kva som er målet til departementet gjennom å ha desse oppe å gå, seier han.

Gald peikar på at ettersom dei er mange departement, har ein også moglegheit til å kunne få lært litt tips og triks av andre.

– Så det vil eg i høgste grad få gjort mens eg har denne rolla, seier han.

Av utdanning har han ein bachelorgrad i mediedesign, eit årsstudium i norsk, og dessutan ein bachelorgrad i PR, kommunikasjon og media frå Høgskulen i Volda.

– Eg valte å slå til med endå ein bachelorgrad i håp om at det kanskje kunne gjere at ein vart meir attraktiv ute på arbeidsmarknaden, seier han.

I tillegg var dei to bachelorgradane nokså like med tanke på oppbygging, og at det var gode moglegheiter for både utveksling og praksis og han har mellom anna vore åtte veker i kommunikasjonsavdelinga i Norsk Tipping på Hamar.

Hans fyrste fulltids kommunikasjonsjobb var som kommunikasjonsrådgjevar i Folkehelseinstituttet, kor han var i ni månader. Der vart han tilsett i eit mellombels engasjement i kommunikasjonsavdelinga for å kunne hjelpe til under pandemihandteringa. Der gjekk han inn i både pressevaktordning og i sosiale medium-gruppa.

Fekk god erfaring

– Noko av det kjekkaste ved jobben i Folkehelseinstituttet har vore å kunne forme ut innlegg til sosiale medium, svare på mediehenvendingar, og dessutan følgje fagpersonar i møte med pressen. Det var gjerne slike arbeidsoppgåver eg tykte at ein fekk god erfaring frå.

Han seier at pressevaktordninga var for veldig læringsfull og nyttig, det var i periodar kor talet på mediehenvendingar kunne ligge på mellom 30-70 per dag, noko som kunne by på lange vakter.

Arbeidet i sosiale medium-gruppa har inkluderte både utforming og moderering av innlegg i instituttets kontoar på Facebook og Instagram.

– Stort engasjement

– Innlegga som vart publisert kunne til tider generere svært stor engasjement, noko som førte til krav om god moderering, tolmod, høfleg tone og klok respons frå oss på kommunikasjonssida, seier han.

No skal han altså produsere digitalt innhald, og dessutan ha ansvaret for Arbeids- og inkluderingsdepartementets sosiale medium kanalar som står for tur.

Powered by Labrador CMS