– Det er absolutt ein moglegheit for at det kan bli ein god artikkel, men risikoen for at eg hadde blitt hengt ut er kanskje større.

«Openheit for ein kvar pris?»

Kan kravet om stadig meir openheit vere ein trussel for læring i det offentlege? Mitt svar er ja. Eg skal fortelje deg kvifor dersom du les meir. Denne kommentaren er open for alle.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

For nokre år sidan underviste eg for journalistpraktikantar i NRK og Firda. Meg og dei, i eit lukka rom. Eg starta undervisninga på følgjande vis:

«I dag ynskjer eg å vere litt personleg med dykk, eg skal dele nokre erfaringar som eg trur de kan lære litt av. Men då vil eg at det som blir sagt skal bli mellom oss, er det greitt?»

«Kva skjedde no?»

Praktikantane ser på kvarandre, så bort på sjefane sine (to røynde journalistar), før dei nikkar og gjev sitt samtykke. Og dette er journalistar, dei fremste forkjemparane for openheit. Dei aksepterte min premiss. Dei skulle ikkje fortelje vidare noko av det eg hadde tenkt å seie. For dei var i læringsmodus, og mest opptekne av korleis dei sjølve kan bli betre journalistar. I ein slik situasjon aksepterer altså denne yrkesgruppa tydlegvis at ingen andre skal få vite om det dei får innsyn i.

«Kva skjedde no?», spurte eg.

Ingen respons. Dei blir usikre. Ser på kvarandre igjen. Kanskje går det opp for dei at dei nettopp har vore med på å «stemple» eit dokument med UO, unnateke offentlegheit. Og det før dei veit kva eg har tenkt å snakke om. Interessant. Eg spør vidare.

«Kva om det no kjem ein journalist frå Bergens Tidende og bankar på døra vår? Han har tenkt å skrive ein artikkel til avisa dagen etter. Skal vi sleppe vedkomande inn?»

Vi blir samde om at det truleg er best å sleppe inn journalisten. Elles vil han kanskje lage eit fela oppstyr.

Så spør eg igjen:

«Med ein journalist til stades, kva er sannsynet for at eg kjem til å fortelje den same historia til dykk som eg ville gjort utan vedkomande til stades?»

– Utanfor min kontroll

Den er sjølvsagt liten. Ikkje fordi eg har noko å skjule, men fordi eg bestemmer sjølv kva eg vil utlevere av eigne feil. Feil andre kan lære noko av. Det er ting eg har gjort som journalist, som eg ikkje er spesielt stolt over.

I eit lukka rom, til ei forsamling som forhåpentlegvis skal bli dyktige journalistar i framtida, har det sjølvsagt ein verdi å høyre om mine feil. Det er sett inn i ein samanheng, dei får heile historia og det vil vere fleire læringspunkt som blir overført.

Ein BT- journalist vil høyre det same, men det er utanfor min kontroll kva han tar med i avisa og korleis han vinklar mi forteljing. Det er absolutt ein moglegheit for at det kan bli ein god artikkel, men risikoen for at eg hadde blitt hengt ut er kanskje større. «Slik slurva og juksa Eithun som journalist». Eg ser føre meg overskrifta. Syndene fekk fokus, ikkje kva eg hadde lært av dei.

Eg trur eg stort sett var ein god journalist og eg set ting på spissen i denne settinga. Bodskapen min er at folk, fagfolk, ofte er åleine når feil blir gjort. Det kan vere ein lege, det kan vere ein ingeniør eller ein politimann. Og i det offentlege har vi rutinar for å rapportere inn feil eller uønska hendingar som skjer. Det er fordi andre skal lære av dette og organisasjonen unngå liknande episodar i framtida. Eg har snakka med folk både hjå min gamle og noverande arbeidsgjevar som har unnlete å rapportere fordi dei har opplevd å bli hengt ut i media. Dei orkar ikkje den påkjenninga.

– Kva sit vi igjen med då?

Journalistpraktitkantane aksepterte min premiss om referatforbod, fordi dei ville lære. Mi historie treng ikkje ålmenta å få vite, men bidraget til eit utval av journalistar kan vere med på å gjere dei til litt betre fagfolk. Det må vere det viktigaste.

Dette er ein svært vanskeleg debatt. Som organisasjon skal vi vere transparente og ærlege. Og innsynet i norsk offentlegheit blir stadig utvida. Vi opnar opp for å gje omgjevnadane best mogleg forståing av vår verksemd. Slik skal det vere, men auka innsyn betyr også større krav til innsikt. For dersom denne tilgangen ikkje blir behandla på ein god måte, blant anna frå mediebransjen, risikerer vi for mange tabloide framstillingar av den offentlege forvaltinga. Eit system som er avhengig av at feil blir rapportert, kvar einaste gong nokon er uheldig.

Men systemet er eit resultat av enkeltindivid, og dersom desse individa opplever at deira feilskjær ikkje blir behandla med respekt, så deler dei kanskje heller aldri den erfaringa.

Kva sit vi igjen med då?

Powered by Labrador CMS