Arne Eithun og Marius Skjerve Staulen var ikkje berre sjef og tilsett, dei var og kompisar. Det gjer det heile ekstra tungt, seier Eithun.

På berre eit år har fleire tragediar ramma kommunikasjonsrådgjevarane til Arne: – Er det meir no so får dei komma med det, so me vert ferdige med det

Fleire tilfelle av kreft og andre tragediar har ramma staben til Arne Eithun. Han seier det har vore tøft, men at det har ført dei tettare saman.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

– For berre elleve måneder siden var me alle i staben.

Det fortel Arne Eithun, kommunikasjonsleiar for Statens vegvesen Utbygging. Dei er berre femten personar på avdelinga, men på berre kort tid har dei vorte råka av fleire tragediar.

Det byrja med at Helge Rong gjekk bort 4. mai i fjor, etter lengre tids kreftsjukdom.

– Kreft har det med å komma tilbake

Berre to dagar etter at Rong gjekk bort råka tragedien på ny då det vart konstatert at Marius Skjerve Staulen hadde ein alvorleg kreftsjukdom. Staulen gjekk vekk i februar i år. Berre to dagar etter at Staulen var død vart det konstatert at nok ein medarbeidar på avdelinga hadde kreft. Det har og vore andre personlege tragediar som har råka den vesle avdelinga det siste året.

Øyvind Ellingsen seier at alle tragediane som har råka avdelinga har ført til eit tettare samhald.

Den siste som har fått kreftdiagnosen er Øyvind Ellingsen. Den gamle journalisten fekk påvist føflekk-kreft i vinter. Nyleg vart han operert og denne veka sa legane at han var kreftfri.

– Kreft har det med å komma tilbake, so eg tek det med stoisk ro, seier Ellingsen til KOM24.

Han har jobba i Statens Vegvesen som kommunikasjonsrådgjevar i sju år no. Ellingsen har mista både far og bror til kreften og har to kameratar som kjempar mot sjukdomen no, og han hevdar det ikkje var noko stort sjokk at han fekk kreft.

– Det var eit sjokk, men eit forventa sjokk, seier han.

Han jobba saman med både Rong og Staulen som har gått bort av kreften.

– Eg kjente Helge Rong frå eg byrja i Vegvesenet, me hadde samme bakgrunn. Eg hadde god dialog med Helge. Den prosessen var tøffare for meg. Marius gjekk det så raskt med, fortel han.

Ellingsen seier, til liks med Eithun, at alle dei tragiske hendingane har skapt eit samhald på avdelinga.

– Den forbanna koronaen

– Men den forbanna koronaen gjer at me ikkje får sett, tatt på og trøysta kvarandre. Det skaper eit samhold oppe i galskapen, folk tek omsyn, kjem med godord og spør korleis det går med deg. Dei verkar oppriktig interessert i korleis det går med deg, seier han.

Han skryt av innsatsen Arne Eithun har gjort undervegs.

– Arne vore heilt fremragande. Informert i den graden han kan.

Eithun peikar på at dei alt hadde ein del utfordringar å hanskast med i den forstand at dei i fjor var ein nyoppretta stab og at det var mykje dei skulle gjera og at dei skulle fungera frå fyrste januar 2020 av.

Arne Eithun innrømmer at det har vore eit tøft år, men at dei står sterkt saman som avdeling.

– Så får du fyrst korona og så får du dette her, som jo blir altoppslukande når det skjer. Og du har hatt ein stab som verkjeleg har brydd seg og har lyst å bry seg. Likevel har me greidd å få til det me har klart og me har nådd dei milepålane me har sagt at me skal klara. Det synst eg er veldig bra, seier Eithun.

Avdelinga han er leiar for vart oppretta 1. januar 2020 og består av 15 kommunikasjonsrådgjevarar som er plassert rundt om i heile Noreg.

– Korleis er det for deg som leiar oppe i dette?

- Du må jo berre stå i det. Eg er ein type som bryr meg om folk. Eg likar å leia i den form av å peika ut ein retning i eit arbeid og ha eit mål som eg vil at alle skal ha lyst til å nå. Men eg likar ikkje å vera leiar for å vera leiar. Då synst eg det er mykje meir betre å vera ein kompis. Eit medmenneske, men det er klart at då kjenner eg det litt ekstra og det er risikoen du ber ved å vera slik, seier han.

Han seier at med både Rong og Staulen var han meir ein kompis enn det var eit ovanfrå og ned leiarforhold.

– Du kjenner jo at det pregar deg

- Hadde du vore det kunne du kanskje distansert deg frå det og. Så det er klart at du tek inn mykje, det er klart at du kjenner jo at det pregar deg og det trur eg og resten av staben merkar. Men eg vil heller at det skal vera eit fellesskap basert på dei tinga enn at ikkje me skal bry oss, held han fram.

Men han innrømmer at det ikkje vert tid til å landa, for det eine har avveksla det andre og samstundes skal han vera leiar i den forstand at det er mykje ein skal følga opp både på jobb og reint praktisk rundt dei sjuke medarbeidarane.

– Så eg veit ikkje om eg har landa heilt enno, men me prøver å vera flinke i staben der me minner dei og brukar litt tid. Eg kjenner jo det at dess meir eg går inn i det, så kjenner eg på sorgen eg og, seier han.

Han seier at han trur ikkje nokon er førebudd på at så mange ting skal råka ei avdeling.

– Eg trur ikkje nokon har kriseplanar for sånne ting, seier han.

Dette jolabordet er siste gong Helge Rong og Marius Skjerve Staulen begge var saman med resten av sine kolleger.

Eithun seier dei tilsette har brukt mykje tid på å snakka saman når desse tinga skjer og han seier at han har snakka med dei som har vore sjuke for å høyra om dei vil vera med og informera om status på situasjonen.

– Det har dei synest har vore ok. Staben har sett pris på å møta dei i sjukdomsperioden. Det at dei har fått sett dei, det å inkludera dei som har vore sjuke saman med resten av staben har vore godt for dei alle saman, meiner han.

Og dei mange tragiske historiene har vore med på å knyta dei alle tettare saman. Eithun fortel om ei spørjeundersøking som nyleg er gjennomført på avdelinga, eit av spørsmåla handla om samarbeid. Og på ein skala frå 1-6, der ein er dårlegast, svarte alle mellom 4-6, altså frå bra til meget bra.

– Eg håpar me har tatt vår tørn no

– Eg trur det skuldast litt det me har vore gjennom. Me har fortare enn andre vore nøydd til å verta betre kjende. Me har vorte tryggare på kvarandre gjennom desse prosessane her, seier han og fortel at dei har skapt ein kultur for dugnad, for å hjelpa kvarandre når det trengs.

– Eg trur det ligg stor verdi i den tryggleiken og det samhaldet. No er det slik at om nokon no melder at dei har problem med noko, so tek det under minuttet før nokon melder seg for å hjelpa, fortel han.

Men kvifor rammar så mange tragiske hendingar ei lita avdeling på berre 15 personar?

– Det kan ein jo spørja om, om det er noko me har gjort som fortjenar det. Det er det sjølvsagt ikkje, det er jo tilfeldig. Det er ikkje nokre fellesnemnarar. Det er eit veldig spesielt tilfelle, trur eg. Eg håpar me har tatt vår tørn no og at ringen vert slutta ved at det siste tilellet endar bra, seier han.

For no håpar han verkjeleg at alt er over for denne gongen.

– Er det meir no so får dei komma med det, so me vert ferdige med det.

Powered by Labrador CMS