Arve Uglum er i gang i ny jobb: – No er det mykje på gang
Stemma frå Der ingen skulle tru nokon kunne bu, skal no jobba med helsekommunikasjon. Starten har vore heseblesande.
– Planen var eigentleg å ha litt meir ferie før eg byrja i ny jobb, men det gjekk ikkje. Eg måtte koma meg om bord så raskt som mogleg. Eg driv framleis og set meg inn i jobben, det har skjedd så mykje at eg rett og slett måtte koma i gang.
Det seier Arve Uglum til KOM24.
Han har nyleg byrja i stillinga som kommunikasjonssjef i Helse Førde etter ei lang karriere som journalist, sist som ansvarleg redaktør i Sogn Avis.
– Mykje på gang
Tidspunktet for å byrja i ny jobb samanfall med at hans nye arbeidsplass må spara rundt 100 millionar kroner, og det er lagt fram forslag om nedlegging og flytting av tenester.
– No er det mykje på gang, enorme utgreiingar og eit trykk frå både presse, publikum og politikk. Det er mykje å handtera, seier Uglum, som har skjønt at dette er den mest arbeidsintensive delen av året i jobben hans.
Mange kjenner nok igjen Uglum som stemma frå «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu», der han i ei årrekke var programleiar.
No jobbar han i kommunikasjonsbransjen og fortel til KOM24 at det er interessant å leggja til rette for pressekontakt og kritiske spørsmål, no frå den andre sida av bordet, mot dei nye kollegaene sine.
– Eg får eit heilt anna blikk på korleis forvaltninga og politikken fungerer, ser samanhengar ein ikkje ser som journalist, og får eit innblikk i kva som skjer under panseret.
– Kva tenkjer du på då?
Vil ikkje gå i detalj
– Eg vil ikkje gå i detalj, men det er interessant å sjå korleis utspel og avgjerder blir til. Det har vore ein augeopnar for meg, og eg får ei betre forståing for korleis ting faktisk ser ut frå innsida, seier han.
Då det vart kjent at han skulle gje seg som journalist og redaktør for å gå over til kommunikasjonsbransjen, sa han at det var noko han alltid hadde drøymt om. No seier han at det kanskje var litt Amedia-sjargong i måten han snakka på, der alt er ein draum.
Men han er klar på at han alltid har hatt lyst til å oppleva bransjen frå fleire vinklar.
– Eg er ein allround mediefyr, og dette var den biten eg mangla. Eg visste at eg vart 50 i vinter, og at sjansane til å gjera noko nytt ikkje kjem like ofte i åra som ligg framfor meg, seier han.
Han fortel at det var ganske openbert, då han byrja å snakka med Helse Førde, at dette var ei moglegheit han hadde hatt i tankane.
– Det er noko av det siste som står att av det gamle Sogn og Fjordane som eg var så glad i. Helse Førde er den største arbeidsplassen i området, og ein organisasjon med eit sterkt samfunnsoppdrag, fortel han og held fram:
– Som journalist var eg alltid motivert av sammfunnsoppdraget til mediene. No har eg ein arbeidsgjevar med eit samfunnsoppdrag som er endå viktigare: Liv, tryggleik og helse. No får eg vera med på å bidra til det, frå innsida - med det vesle eg kan. Helse Førde er full av kvardagssuperheltar som gjer utrulege ting og reddar liv kvar dag, utan at dei tenkjer så mykje over det. Det er kvardagen deira, seier han.
Må forstå systemet
Dei er fire som jobbar med kommunikasjon i det som er eit av landets minste helseføretak med rundt 2300 tilsette. Dei tre andre på avdelinga jobbar primært med innsyn, skriving og pressehandtering, teknologi og nett, samt bygg, skilting og namnesetjing.
– Eg må læra meg korleis dei har gjort ting, og no handlar det mest om å ta unna, så den store strategiske tenkinga får venta litt til. Først må eg forstå systemet, seier han.
Han er klar på at han har gjort seg opp nokre tankar om kva han vil med jobben, men han vil ikkje dela dei tankane enno.
– Eg kom inn med nokre idear, og dersom dei overlever den første tida, skal eg setja dei ut i livet. Eg er framleis i startfasen, men trur nokre av ideane vil stå seg. Dette er eit heilt anna system, og det ville vore uklokt av meg å slå fast frå dag éin korleis alt skal gjerast.
Har du tips til denne eller andre saker? Kontakt oss på: tips@kom24.no