Eit av landets største sjukehus sa at far var koronasmitta og sendte sju jordmødre i karantene. Opplyste ikkje at mor og var smitta. Fortalte heller ikkje paret at dei gjekk ut med saka i media.

Avis avslørte kommunikasjonsløgn frå sjukehus

Eit av landets største sjukehus sa at far var koronasmitta og sendte sju jordmødre i karantene. Opplyste ikkje at mor og var smitta. Fortalte heller ikkje paret at dei gjekk ut med saka i media.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel.

– Vi beklagar at vi ikkje opplyste om det, seier seksjonsjordmor Kristin Aase Boge til Bergens Tidende.

Sidan koronaviruset kom har det vore fleire avisoppslag om konsekvensane for fødande og det mange opplever er strenge reglar. Bergens Tidende har laga fleire saker om tematikken og nyleg hadde dei ei sak der Haukeland universitetsjukehus gjekk ut og fortalte kvifor far berre får avgrensa tid på sjukehuset etter ein fødsel.

I saka opplyste sjukehuset at ein av grunnane var at ein koronasjuk far skal ha ført til at sju jordmødre måtte i karantene etter ein fødsel. No har avisa avslørt at og mor var kornasmitta. Sjukehuset skuldar på teieplikta om kvifor dei ikkje sa noko.

– Vi hadde ingen intensjon om å halde noko tilbake, men vi kan ikkje vere så detaljert at vi bryt teieplikta, seier Boge til avisa.

Ho seier at deira intensjon med å gå ut med opplysningane i det heile var å visa kor sårbare dei er når dei får smitte inn på avdelinga.

Bergens Tidende fortel og at sjukehuset ikkje har vore i kontakt med det aktuelle foreldreparet før dei gjekk ut med opplysningane.

– Paret skal ikkje føle skuld eller ubehag, seier Boge til avisa.

Powered by Labrador CMS