Marie Havnen

Marie Havnen kombinerer aller helst mange over snittet koselege aktivitetar i jola

– Pappa lagar framleis julemiddagen, og den er same prosedure as every year.

Publisert Sist oppdatert

KOM24 har stilt sju spørsmål til ei rekke folk i kommunikasjonsbransjen om året som har gått, og kva dei gjer denne jola.

I dag er det kommunikasjons- og strategidirektør i Lotteri- og stiftelsestilsynet, Marie Havnen, som svarar i jolepraten.

– Kva gjer du i jola?

– Eg kombinerer aller helst mange over snittet koselege aktivitetar. Først total avslapping med familie, som inkluderer fyr i peisen, uante mengder snop frå julesokken, brettspel og ei heilt anna ro til å lese bøker enn elles i året. Så håpar eg å få møtt gamle venner som er heime i romjula – før nyttårshelga blir hyttehelg – helst med ski og snø.

– Kva står på middagsbordet på jolaftan?

Pappa lagar framleis julemiddagen, og den er same procedure as every year: Pinnekjøt, heimelaga røykt julepølse, kålrabistappe og kålstuing. Så er det litt ribbe der, men den held eg meg unna.

Det einaste som har endra seg sidan eg blei fødd er at riskremen for 16 år sidan blei bytt ut med crème brûlée.

– Kva vil du anbefala andre å lytta til/smaka på/lesa/sjå eller høyra denne jola?

Bruk tida til å lytte litt ekstra til dei rundt deg. Det er kanskje klisje, men sjå dei som ikkje diggar jula.

For nokre år sidan binga eg Band of Brothers i romjula. Det kan absolutt anbefalast om du er like late to the party som eg var. Eller White Lotus for lett, men pirrande underhaldning.

Elles står årets utgåve av «Juleroser» frå Herborg Kråkevik på mi leseliste i romjula.

– Kva er det mest morosame du har opplevd detta året?

– Å få tilbake det vanlege livet etter korona. Det er i alle fall det diggaste.

Å stå i kø og tenke på korleis desember i fjor og året før var er jo ganske vilt.

– Kva tre bransjeuttrykk er du mest lei av og kva tre bransjeuttrykk trur du vil prega 2023?

– Er generelt ikkje så lei, men slår eit slag for å seie det som det er, minst mogleg visvas og unødvendig tungt fagspråk.

For 2023 trur eg employer branding held på posisjonen, og at universell utforming og brukartesting blir med.

– Kva er din spådom for kommunikasjonsbransjen i 2023?

– At framtida er vanskeleg å spå. Men eg håpar at vi held fram med å teste, feile og lære.

– Kva er ditt nyttårsforsett?

– Lese meir. Men helst litt mindre frå mobilen etter eg burde ha sovna.

Powered by Labrador CMS