Yngve Garen Svardal, redaktør i KOM24, har sett seg lei på dårlege pressemeldingar.
Yngve Garen Svardal, redaktør i KOM24, har sett seg lei på dårlege pressemeldingar.

MEININGAR:

Når journalistar og politikarar ikkje har peiling på kva ein kommunikasjonsrådgjevar gjer

«Nettavisen er i gang med ein serie der dei set søkelyset på kor mange kommunikasjonsrådgjevarar det er i det offentlege. Men kor sjokkerande saker kan me eigentleg venta oss?», spør redaktør Yngve Garen Svardal i denne kommentaren.

Publisert Sist oppdatert

Søndag kveld avslørte avisa at det jobbar 55 kommunikasjonsrådgjevarar i Vegvesenet og at dei i snitt tener nesten 800 000 kroner i året. 

Senterpartipolitikar Sigbjørn Gjelsvik kallar det ein vanvettig ressursbruk og Raudt-politikar Mimir Kristjansson (du veit han som kalla kommunikasjonsrådgjevarjobben for ein bullshit-jobb nyleg) ikkje skjønar kva Vegvesenets kommunikasjonsrådgjevarar gjer på. 

– Det er jo ikkje sånn at desse folka spring rundt og set opp vegskilt, akkurat, seier han og peikar vidare på at Vegvesenet ikkje konkurrerer på det opne marknaden og treng å marknadsføra seg opp mot konkurrentar. 

Dei har, ikkje overraskande, fått med seg folket på dette. i skrivande stund har 96 prosent svara ja i ein poll der dei spør om det jobbar for mange kommunikasjonsrådgjevarar i Staten. 8331 menneske har svara. 

Er det mykje med 55 kommunikasjonsrådgjevarar i Vegvesenet og kva gjer eigentleg ein kommunikasjonsrådgjevar på?

Dette gjer ein kom-rådgjevar på jobb

Svært mange verkar å tru at ein kommunikasjonsrådgjevar utelukkande jobbar med å svara på telefonar frå pressa og det er det. Men det er ei rimeleg gammaldags haldning.

Lat oss halda oss til Vegvesenet. Kva gjer kommunikasjonsrådgjevarane på? Vegvesenet bygger og held ved like vegar og har dei neste fem åra 200 vegprosjekt og utbetringar under bygging og planlegg oppstart av inntil 200 prosjekt fram til 2030. 

Det er vanleg at ein kommunikasjonsrådgjevar i Vegvesenet har ein portefølje av vegprosjekt dei føl opp. Eit vegprosjekt kan fort kosta både ein, to, tre eller 40 milliardar kroner å bygga ut og det kan fort jobba nokre hundre på eit større prosjekt. 

I samband med dette skal ein forma ut pressemeldingar, planlegga og gjennomføra pressemøte, ha svarberedskap, skriva lesarinnlegg og kronikkar, dei skal produsera innhald til nyhendesaker både internt og eksternt, til sosiale medium, annonsar, brosjyrar, nærinformasjon og presentasjonar. Til dette skal dei og ta bilete og laga videosnuttar.

Dei skal og driva medietrening og presentasjonsteknikk med sine leiarar og jobba med klarspråk. Men og hjelpa til ved folkemøte, vegopninga og interne møter

Vegvesenet skriv sjølv at det hjå dei jobbar nærare 5000 tilsette. Dermed må nokre hjå dei og jobba med internkommunikasjon. Det er ei særs viktig oppgåve som må gjerast i alle større organisasjonar. Informasjonsbehovet er alltid enormt og utan god internkommunikasjon klarar ein ikkje å bygga tryggleik, tillit eller engasjement.

KOM24 er kjent med at Nettavisens nye journalistar er i gang med eit større arbeid for å dokumentera kor mange som jobbar med kommunikasjon i det offentleg, kva dei tener og meir til. Rett og slett sjå på kva skattepengane våre går til. Det er eit arbeid som me heiar på og eg er heilt sikker på at dei vil klara å komma opp med gode enkeltsaker som ikkje toler dagens lys. Noko anna ville overraska meg og det er noko som må løftast fram i lyset. 

Men eg håpar det vert betre saker enn denne fyrste. Det klikkar nok godt, men det er ikkje avslørande journalistikk med nokre politikarar som hiv ut nokre påstandar i eit valår. 

Så mange jobbar med kommunikasjon i det offentlege

Det som likevel forundrar meg mest er korleis har norske kommunikasjonsrådgjevarar klart å setja seg i ein posisjon der alle får hakka på dei, omtrent utan at dei klarar å svara for seg? 

Det byrja med at Trygve Slagsvold Vedum og Senterpartiet gjekk til åtak på ei heil yrkesgruppe, i haust var det frå sine eigne ein skulle høyra det då Ole Christian Apeland gjekk til åtak på kommunikasjonsrådgjevarar i det offentlege og kalla det tullejobbar og no må ein nok ein gong sjå at bransjen går frå skanse til skanse for å forklara seg om løn, antal og tullejobbar. Eg reknar med mellom anna Bane Nor og resten av jernbanesektoren alt har byrja å førebu krisekommunikasjonen, når dei vert sett etter i korta.

Men kor mange er det som eigentleg jobbar med kommunikasjon i det offentlege?

I ein rapport frå Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) i 2021, kom dei fram til at det var 1 907 tilsette som primært jobba med kommunikasjon i 167 verksemder i statsforvaltninga.

Det var ein vekst på 400 samanlikna med den førre undersøkinga i 2016. Men sidan det var langt fleire som var med i den siste undersøkinga, er ikkje tala heilt samanliknbare. 

Om ein berre ser på dei 115 organisasjonane som var med i både 2016 og 2021, var veksten på 40 kommunikasjonsrådgjevarar. 

Dei som primært jobbar med kommunikasjon utgjer rundt ein prosent av det totale antalet arbeidsforhold i det statlege.

Er løna høg?

Og når det kjem til løna, er den høg? 

Det er det nok mange tankar om. Men for å setja ei snittløn på 794 000 i kontekst: I 2024 tente ein gjennomsnittleg journalist i Dagbladet 801 090 kroner og i Nettavisen 808 353 kroner. Dette er rett nok før overtid, tek me med den er løna i snitt på høvesvis 850 791 og 828 613 kroner i dei to avisene. Ein Stortingsrepresenant har på si side ei godtgjersle på 1 171 000 kroner årleg. 

———————————————-

Dette er et meiningsinnlegg, og gir uttrykk for skribentens meining. Har du lyst til å skrive i KOM24? Send ditt innlegg til meninger@kom24.no.

Powered by Labrador CMS