Yngve Garen Svardal, redaktør i KOM24, har sett seg lei på dårlege pressemeldingar.
Yngve Garen Svardal, redaktør i KOM24, har sett seg lei på dårlege pressemeldingar.

MEININGAR:

Eg er so lei dårlege pressemeldingar!

«Vyrde kommunikasjons- og reklameperson som les dette: Kvifor er du så dårleg til å skriva pressemelding?», skriv Yngve Garen Svardal i dette innlegget. 

Publisert Sist oppdatert

Kvar veke tek me i KOM24 imot ei rekkje pressemeldingar; anten har de bytt jobb, lansert ein kul kampanje, inngått eit partnerskap eller noko anna langs desse linjene.

Fellestrekket for dei fleste, ikkje alle, er at dei har vore innom fleire ledd i byrå og hjå kunde før dei vert sendt ut. Og eg er heilt overtydd om at for kvart ledd den går gjennom, dess dårlegare vert bodskapen du vil ha ut. Dess meir jobb må me gjera for å kutta vekk viss-vasset de har klart å senda ut. 

Verdas beste gjeng

Det slår aldri feil når nokon byter jobb, så går dei frå verdas beste gjeng som dei har hatt så mange gode opplevingar med og som du kjem til å sakna så utruleg mykje. Heldigvis er du vorten tatt så utruleg godt i mot på din nye arbeidsplass, som naturlegvis er heilt leiande innanfor nett det dei driv på med og du ser fram til å jobba nett der. Og sjefen er i alle fall nøgd, det står det nemleg i pressemeldinga. 

Hadde sjefen sagt noko anna hadde eg nok falle av stolen.

Og ikkje få meg til å byrja å skriva om pressemeldingar de sender ut i Word eller PDF-format, med biletet limt inn i sjølve dokumentet. Kva vurdering gjorde de då? 

Eller når de sender bilete i eigne filer, men dei er på 58 kB. Er det frimerke me skal bruka dei på?

Det lokale bedehuset

Det får meg i alle fall til å lura på den digitale kompetansen i byrået. Det gjorde det og den gongen eg fekk tilsendt bildefiler på 100 mb kvar. 

Eg skal ikkje nemna kva eg tenkjer når de sender oss bilete i høgdeformat. Har de sett ei avis før?

Dette var heilt greitt då eg jobba i lokalavis og det lokale bedehuset sende noko eller ei pensjonistforeining hadde eit arrangement dei ville ha omtale om. 

Men dei som les KOM24 skal vera dei som ligg i front digitalt i Noreg. Det er de som skal påverka regjering og myndigheiter, flytta opinionen, laga flotte kampanjar som vinn prisar i inn og utland og ikkje minst laga dei flottaste reklamekampanjane, gjerne vera fyrst ute med å ta i bruk nye, digitale hjelpemiddel. 

Det finst aviser som trykker pressemeldingar utan å gjera nokre endringar eller å skriva at det er pressemeldingar. Slik skal det ikkje vera i KOM24. 

Me skal publisera nyheiter som er relevante for bransjen, men me kjem og til å kutta ut det meste av det overflødige, unødvendige, svulstige språket, som ikkje har noko som helst i ei nyheitssak å gjera. 

For me lagar journalistikk. Det er journalistiske vurderingar som ligg til grunn for alt me publiserer, og pressemeldingane.

Kva kan du gjera?

Det er veldig viktig å presisera at det er ikkje alle pressemeldingar me får som er dårlege. 

Av og til kjem det så gode pressemeldingar, tydleg skriven av ein fagperson, der ein omtrent ikkje treng å gjera nokre endringar før dei vert publiserte. Dei er konkrete, presise og akkurat som me vil ha dei. 

Det plagar journalisten i meg litt. Eg har jo som grunntanke at ei pressemelding frå ein kommunikasjonsrådgjevar er for å selja inn eit bodskap og me må rydda opp. Men det lettar arbeidskvardagen min monaleg. Difor vil eg ha fleire av dei!

For eg spår ikkje pressemeldingas død, langt derifrå. 

Det ser nok sånn ut, men dette er ikkje skrive for å få dykk til å slutta å senda oss pressemeldingar. Tvert om. Me vil svært gjerne ha dei, men eg vil de tenkjer dykk om på kva de faktisk sender ut. 

Hadde du som lesar av kva slags som helst dagsavis likt å lesa sånne saker, som er sendt som pressemeldingar? Om svaret er nei, så veit de kva de har å gjera framover.

Oppdatering: 

Etter årets fyrste arbeidsveka er det greitt å oppsummera: 

Har eg fått PM med bilete lagt rett inn i word-dokument? ✅ 

Har eg fått frimerkestorleik på bileta? ✅ Faktisk er det truleg ny rekord i lite bilete, 14 kb. 

Har eg fått PM med berre høgdebilete? ✅ 

Har eg fått PM med masse svadaspråk der me må bruka masse tid på å rydda opp i det for å få ei nyheit ut av det? ✅ 

Har folk bytta jobb og det var verdast beste kollegaer begge plassar og ikkje minst at den nye sjefen er godt nøgd med nytilsetjinga? ✅ 

Og sånn går no dagane.

———————————————-

Dette er et meiningsinnlegg, og gir uttrykk for skribentens meining. Har du lyst til å skrive i KOM24? Send ditt innlegg til meninger@kom24.no.

Powered by Labrador CMS