Kvar torsdag i seks veker vil DNT la sjåarar komma tettare på korleis det er å setja opp eit teaterstykke.
Kvar torsdag i seks veker vil DNT la sjåarar komma tettare på korleis det er å setja opp eit teaterstykke.

Det Norske Teatret skal bruka Twitch for å lokka til seg nye sjåarar

Publisert Sist oppdatert

– Me likar å testa nye ting, me er ikkje redde for å gjera feil. Me vil heller prøva å sjå om me får det til.

Det seier Siren Høyland, som har ansvaret for sosiale medium på teateret.

Laurdag 26. februar har dei premiere på stykket Fuglane, av Tarjei Vesaas. I tida fram til premieredatoen inviterer dei folk med bak kulissane, då dei skal strøyma frå prøvane på Twitch.

Regissøren hadde ideen

Tanken bak dette er å forsøka å involvere publikum, samt læra dei litt om korleis ei førestilling blir til.

Det er regissøren til stykket, Luk Perceval, som hadde ideen til prosjektet. Han har sjølv brukt Twitch i samband med eit stykke i Berlin, noko som fekk mykje merksemd.

Då han kom til Noreg og fortalde om dette, skjønte dei at her er det moglegheiter.

Siren Høyland har SoMe-ansvaret ved Det Norske Teatret.
Siren Høyland har SoMe-ansvaret ved Det Norske Teatret.

– Me vil sjå kva me kan bruka Twitch til, for å komma i kontakt med heilt nye folk som ikkje kjenner til teater eller veit korleis eit stykke vert til, fortel Høyland.

Fyrste øving vert strøyma den 20. januar og planen er i utgangspunktet å senda ein time kvar torsdag i seks veker. Dei kjem til å ha ein førpremiere før det, men den vert berre intern.

Etter kvart vil dei legga til meir innhald og dei ser for seg moglegheiter for å chatta med skodespelarar og regissør og å ha fleire sendingar.

Prøvane skjer på engelsk og dei vil og legga på engelske undertekstar så folk kan følga med frå over alt.

Men Høyland innrømmer at det er litt utfordringar med å ha valt seg Twitch.

– Det er vanskeleg å komma inn i Twitch-universet og å finna norske twitcharar som gjer anna enn gaming. Eg prøver å kontakta folk eg kjenner, men me treng hjelp frå publikum. Så dette vert ein læringsprosess for oss og, seier ho.

– Nybrottsarbeid

Primærkanalane til DNT for å nå ut til folk er Facebook, Instagram, nyheitsbrev og eigne nettsider. Høyland peikar på at ved å velja Twitch får dei eit høve til å komma i kontakt med andre folk enn dei vanlegvis gjer gjennom sine vanlege kanalar.

Slik ser strøymekontoret deira ut.
Slik ser strøymekontoret deira ut.

– Om me når fem eller 50 så er me supernøgde uansett. Dette er nybrottsarbeid, seier Høyland.

Ideen om å strøyma på Twitch vart lansert like før jol og tida etterpå har gått med til å finna ut korleis dei kan klara å gjennomføra dette sjølv med avgrensa midlar.

Ho seier at alle skodespelarane er med på det og dei fekk dei siste svara dei trengde på måndag.

– Det som er unikt er at regissøren er med frå starten av, det var hans forslag, seier ho.

Bygde eiga strøymeplattform

Dette er ikkje fyrste gong DNT går nye vegar. Då landet vart stengt ned og det var svært avgrensa med folk som fekk gå i teateret bygde dei opp si eiga strøymeplattform for å få fleire folk inn på teateret.

– Det har vore ein suksess for oss. Me er jamt over godt fornøgd. Me vil gjerne strøyma meir, men det er ein del utfordringar inne i biletet med tanke på rettigheiter, fortel ho.

Høyland seier dei likar å prøva nye ting og er ikkje redde for å gjera feil.

– Det er jo det sosiale medium er, ein må ikkje vera redd for å testa ting og forventa å gjera alt perfekt fyrste gong, sluttar ho.

Powered by Labrador CMS