– Det er kome så mange kanalar no, så då må produktet vera så bra at folk stoppar opp ved det. Du har eit brøkdel av eit sekund for å fanga merksemda deira, korleis gjer du det? Det er jo eit eige fag. Det har ein byrja å forstå meir og meir her på Haugalandet og, seier Mona Terjesen som jobbar med kommunikasjon i PYX saman med Bjarne Laastad.

Frå Idol til PYX: Slik jobbar Bjarne Laastad med å selga kommunikasjonstenester i Haugesund

Etter nokre tøffe oppstartsår ser ting no mykje lysare ut for gjengen i PYX i Haugesund. No styrkar dei seg kraftig på kommunikasjonsfeltet.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

– Eg tenkte eigentleg å jobba med kultur og underhaldning då eg kom frå TV 2, for det var der eg hadde interessa og nettverket. Men der var betalingsevna så som så. Det er eg glad for, for eg har fått jobba med så masse forskjellig etter at eg kom her.

Det seier Bjarne Laastad til KOM 24.

Då TV 2 hadde sin store kuttrunde i 2016 og hundrevis av tilsette måtte forlata den kommersielle allmennkringkastaren valde og Laastad å ta sluttpakke frå stillinga si som assisterande kommunikasjonssjef i selskapet, etter å ha vore der i 19 år.

Hadde for store ambisjonar

For mange vart han eit kjent fjes då han byrja som hallomann i kanalen, men han gjekk raskt over til kommunikasjonssida kor han mellom anna hadde ansvar for dei åtte fyrste sesongane av Idol.

Men etter berre eit halvt år heime gjekk han inn som partnar i Haugesunds-byrået PYX.

PYX vart i si tid starta opp av tidlegare NRK-journalist og JKL-rådgjevar Linda Nordbø i 2014 og gjekk hardt ut frå startblokkene og bygde raskt opp eit miljø med tolv tilsette. Men inntektene hang ikkje med og etter fleire år med millionunderskot måtte dei ta grep og kutta kraftig i talet på tilsette til dei berre var fire tilsette at.

– Ein hadde nok frå starten av litt for store ambisjonar og tilsette nok litt for mange folk i forhold til oppdragsmengde, seier Laastad i 2022. Han er og styreleiar i selskapet, som han eig 50 prosent av.

Dei siste åra har byrået opplevd vekst igjen og no styrkar dei seg på kommunikasjonsbiten.

– Me føler vel at me har knekt koden og det er utruleg behageleg, at du kan gå på jobb og fokusera på kundane og ikkje gå på jobb for å redda selskapet, seier han.

Medan dei andre i byrået i hovudsak er marknadsførarar har Laastad vore åleine på kommunikasjonsbiten. No har han fått med seg Mona Terjesen på kommunikasjon.

Sat på begge sider av bordet

– Eg har vore åleine og jobba med både strategisk kommunikasjon, medierådgjeving, innholdsproduksjon og så vidare. Det har det blitt veldig mykje og me har sett at vekene mine har vore meir enn fylt opp, så det har vore viktig om me skulle få ut potensialet vårt å vera ein ekstra. Så det kjenner eg skal verta deilig å kunne dela på det, ha ein eg kan sparra med og at me kan tilby fleire kundar den typen tenester, seier Laastad.

– Den tendensen me har sett fra mediesida i mange år er at etterspørselen etter CM-innhald har eksplodert og du ser på det på ledige stillingar og. Der ein tidlegare berre har funnet reine journalistjobbar er det no flust av kommunikasjonsrådgjevarjobbar. Det er fleire og fleire bedrifter, aktørar og næringar som treng hjelp og så er det vansklegare og vansklegare å komma gjennom med bodskapen sin for du druknar på sosiale medier. Før kunne du ha ein lærling som tok seg av det og la noko ut på Facebook og så var det eigentleg greitt. Det er jo ikkje sånn lenger, seier Mona Terjesen.

Han seier at fleire på Haugalandet er vorten obs på dei moglegheitene som ligg i strategisk kommunikasjon og innholdsproduksjon.

– Grunntanken i PYX er at me skal kunne hjelpa ein kunde langs heile kommunikasjons- og marknadsfeltet. Så om me klarar å skapa godt og relevant innhald for ein kunde, har me gode kollegaer som kan hjelpa til med å treffa dei som er viktige å nå, seier han.

Hovudtyngda av kundane er i nærområdet, men dei har og kundar i Stavanger, Bergen og Oslo.

Hans nye kollega, Mona Terjesen, har brei erfaring frå media og har mellom anna vore ansvarleg redaktør i lokalavisene Vestavind i Sveio og Bømlo-nytt. Ho fortel at det var då ho var redaktør på Bømlo ho verkjeleg fekk auga opp for kva som skjer på kommunikasjon og marknadsføringssida.

– Då eg var redaktør så sat eg på begge sider av bordet. Eg sat med marknadsavdelinga og var kreativ på den sida og såg at det behovet auka noko vanvettig og synst jo det og var spanande, seier ho og fortel at då ho byrja i stillinga hadde dei nettopp tilsett ein person i hundre prosent stilling for å jobba med content marketing og etter kort tid måtte dei tilsetja ein person til, for behovet auka så veldig.

Samstundes hadde ho erfaring med kva som skulle til for å få fram eit bodskap og såg kor likt mykje av det er frå media til kommunikasjon.

Luksusteneste

– Så skal eg ikkje legga skjul på at eg snakka med Bjarne og synest dei er himla kjekke folk her og eg ser dei gjer masse bra i min by, så det var litt det at når eg snakka med dei og høyrde tankane så vart det meir relevant og spanande, fortel ho.

Og det med å ha erfaring med korleis ein får fram bodskapen seier dei er ekstremt viktig i dagens landskap.

– Du druknar lett, så korleis når du fram? Mange har nok prøvd sjølv og innsett at det var ikkje så lett som dei trudde, ein treng erfaring og kompetanse. Eg har lang kompetanse frå PR og kommunikasjon, men eg har ikkje same type kompetanse som Mona som har vore på andre sida av bordet og mottatt desse pressemeldingane, seier Laastad og seier at det ofte handlar om å vita kva er ei god pressemelding er men og å vita kor tid kan du la vera å senda pressemelding for du ikkje har ei god nok sak.

– Me sit i masse møter med kundar som føler dei har verdas beste nyheit og så må du jo av og til få dei til å innsjå at dette er jo kjekt for deg, men er det interessant for ein journalist og i siste instans dei som skal lesa dette?, seier han.

Haugesund er regionsenter i ein region med over 100 000 innbyggarar, men det er ikkje eit særleg stort kommunikasjonsmiljø i byen, meiner Laastad.

– Eg vil seia det at i Haugesund har me eit godt marknadsføringsmiljø. Men eg og Mona med strategisk kommunikasjon og medierådgjeving, er forholdsvis åleine. som er ein fordel på ein måte, sjølvsagt. Men samtidig byrja eg her for berre fem år sidan, så det er nok ikkje alle som er heilt klar over kva moglegheiter som ligg i det, som ser verdien av det. Nokon vil nok oppleva det som ei luksustenesta, innrømmer han.

Laastad seier han brukar masse tid på å snakka om krisekommunikasjon med kundane. Bodskapen er at det er viktig å kommunisera heile tida og vera klar over at ein kommuniserer heile tida, slik at om det skulle dukka opp ein storm frå venstre så står du tydelegare om du har ei sterk merkevare du alt har kommunisert med.

– Før stod alle og hylte og skreik om seg sjølv; «Sjå kva eg har», «sjå kor fin eg er», «sjå kva eg har å tilby». ;en me ser jo at det å få innhold som ikkje berre handlar om det du sjølv har lyst til å melda, men som er relevant for dei som ein vil henvenda seg til og, i tillegg det å få eit bodskjap godkjent redaksjonelt, er med på å gje det ein annan tyngde enn at alle står og skrik om sin eigen fortreffelegheit. Den kompetansen trur eg folk har skjønt at ein har behov for i større grad enn før, seier Bjarne Laastad.

– Det er difor me er villige til å tilgje Petter Northug for han har gjeve oss alle desse gode opplevingane, så han toler meir enn ein me ikkje kjenner, peiker han på.

– Det er jo trist at fyrste gong det står om deg i media, så er det noko negativt, skyt Terjesen inn.

Bjugn og Alvdal

Laastad peikar på at ei av utfordringane med at kommunikasjonsfeltet er så nytt i området er at bedrifter og organisasjonar ikkje tenkjer på viktigheita av å kommunisera i gode tider.

– Eg plar seia at eg veit berre ein ting om Bjugn, seier han og let det henga.

For dei litt eldre av oss hugsar ein på tidleg 90-tal at Bjugn kom i søkelyset i samband med ei rekkje påståtte seksuelle overgrep mot barn. For svært mange er det det fyrste ein tenkjer når ein høyrer namnet Bjugn.

– For Alvdal, som er litt det same, så veit eg og om Kjell Aukrust og Solan og Ludvig. Så det er og nokre positive tankar om den plassen, seier Laastad som med det meiner å seia at for mange bedrifter tenkjer at det går så bra og ein tener så masse pengar at ein treng ikkje den typen bistand.

– Men så kjem det ein dag der det skjærer seg, så veit ikkje folk så masse om deg, merkevara er ikkje sterk nok. Då er det tyngre i ein vanskeleg situasjon. Det er kanskje utfordringa med at kommunikasjonsfeltet opplevast litt nytt her, seier han.

Hans kollega Terjesen meiner det er så store moglegheiter som ligg i å jobba med kommunikasjon at ho seier ho ser nesten ingen avgrensingar.

– Har du stengt døra for journalistikken no?

– Ja! bryt Laastad ut og ler høgt.

Men hans nye kollega er ikkje heilt einig.

– Faget mitt vil eg ta med meg og få brukt masse. Så eg tenkjer nei, eg tek det med meg.

Powered by Labrador CMS