– Eg har kalla dette rein dobbeltmoral og forsøk på tåkelegging av kva som eigentleg er problemet i norsk politikk.
– Eg har kalla dette rein dobbeltmoral og forsøk på tåkelegging av kva som eigentleg er problemet i norsk politikk.

Var PR-rådgjevar, er no politikar: – Dette er rein tåkelegging frå Vedum

Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo har sjølv vore PR-rådgjevar i fleire år. Han kjenner seg ikkje igjen i finansministerens framstilling av bransjen.

Publisert

– Eg har jobba i PR-bransjen, i Burson-Marsteller, og eg tok ikkje ein einaste telefon til ein stortingsrepresentant. Dette burde han vita veldig godt. Det er ikkje slik PR-folk opererer for å ringa rundt og påverka. Det er tull og tøys og betyr ingenting.

Det seier ein oppgjeven Alfred Bjørlo (Venstre).

– Rein dobbeltmoral

Bjørlo vart valt inn på Stortinget i fjor haust og sit i næringskomiteen. Han seier han knapt kan hugsa å ha vorte ringt opp av PR-byrå, han seier det har vore nokre gonger til arrangement som han er vorten spurt om å delta på, mellom anna som innleiar på eit arrangement i regi av Geelmuyden Kiese.

Han reagerer på finansminister og Senterpartiet-leiar Trygve Slagsvold Vedums utspel der han har gjeve sine stortingsrepresentantar forbod mot å ta telefonen om eit PR-byrå ringer dei. Dette for å svekka byråas makt.

Skal ein tru på Bjørlo vil altså ikkje kvardagen til SPs representantar endra seg nemneverdig med det nye totalforbodet.

– Eg har kalla dette rein dobbeltmoral og forsøk på tåkelegging av kva som eigentleg er problemet i norsk politikk. Dei sterke aktørane med mest ressursar brukar mykje tid på å påverka Stortinget og det er veldig lite openheit om det, seier han.

Nyleg foreslo Venstre å innføra nettopp eit lobbyregister på Stortinget der, der dei som besøkjer Stortinget for å påverke politikarar blir registrerte. Men dei får ikkje forslag for det.

Mellom dei som seier nei til dette er Senterpartiet.

I innstillinga frå Stortingets presidentskap avviser fem av seks medlemmer i presidentskapen forslaget frå Venstre.

– Me treng openheit

Det er Ap, Høgre, Sp og Frp som seier nei, og desse partia har fleirtal i Stortinget. Berre SVs kvinne i presidentskapen, Ingrid Fiskaa, stemde for forslaget.

– Det me treng no er openheit og innsyn, kven påverkar og at me får meir openheit som gjev grunnlag for meir samfunnsdebatt om det, seier Bjørlo.

Han seier at Venstre sjølv viser korta og legg ut vekerapportar om kven dei har hatt kontakt med.

– Det er enormt rart at Sp, som står fram så høge og mørke, seier nei til eit så konkret tiltak, seier han.

Bjørlo seier han skjønar at det er ein del ekstraarbeid og at det set krav til rutinar og slikt, men at det er eit dårleg argument. Han seier at dei og er vorten møtt med argument om at då er det berre til å flytta møta til ein annan stad enn Stortinget.

– Ikkje perfekt system

– Det er ikkje noko perfekt system. Men om du driv og har møter som er så viktige at du flyttar dei til annan plass for å unngå eit register, då må ein gå i seg sjølv, meiner han.

Då Bjørlo i si tid jobba som PR-rådgjevar seier han at han ofte preppa folk før dei skulle ta telefonar til politikarar

– Det er ganske vanleg å preppa nokon, at me gjev råd og om kva ein skal seia, fortel han og meiner at det er heilt greitt.

– Når du er fagmann på eit område, er du ikkje nødvendigvis ekspert på kva politikarane treng å vita, peikar han på.

KOM24 har forsøkt å få ein kommentar frå Trygve Slagsvold Vedum, han hadde ikkje høve til å stilla i denne saka, men Senterpartiet sende ut Nils Bjørke, som no har sin andre periode på Stortinget og som tidlegare har vore leiar i Bondelaget.

– Det tener ikkje folkestyret

Nils Bjørke seier at ikkje alle PR-byrå gjer ein dårleg jobb, men at det likevel er eit spørsmål om kor mykje pengar det offentlege skal bruka på byråa.
Nils Bjørke seier at ikkje alle PR-byrå gjer ein dårleg jobb, men at det likevel er eit spørsmål om kor mykje pengar det offentlege skal bruka på byråa.

Han meiner at utfordringa med eit lobbyregister er at det vert veldig krevjande for folk som enkeltvis skal snakka med stortingsrepresentantar. Han meiner og det vert veldig mykje byråkrati om det vert innført eit lobbyregister.

– Eg trur intensjonen er god, men eg trur me lagar oss mykje byråkrati utan at det er innhald i det, seier han og peikar på at det berre er å flytta møta ut av Stortinget om ein vil unngå registeret.

– Men er det ikkje litt rart at Vedum på eine sida vil nekta Sps representantar å snakka med PR-byrå og på andre sida nektar de å innføra eit lobbyregister så me kan sjå kven de har kontakt med?

– Han gjekk langt i å seia at han har nekta oss å møta PR-byrå. Han har ikkje nekta oss å snakka med PR-byrå, men han rår frå oss å snakka med dei, seier Bjørke og fortel om tida si i Bondelaget der han seier han såg kor mange byrå som prøvde å få innpass hjå dei for å få den kontakten, men at dei prøvde å unngå det.

– Dette er ein bransje som gjer gode pengar på å gjera den direkte linken. Det er det me prøver å bremsa på. Det tener ikkje folkestyret, for det vert eit poeng å bygga seg si eiga inntening, meiner han.

– I di tid på Stortinget, kor mange gonger er du vorte kontakta av PR-byrå?

– Eg har ikkje talet, men det har ikkje vore overstrøymande mykje. Det skjer ikkje dagleg eller kvar veke, seier han.

– Korleis vil Sp sikra at det vert meir gjennomsiktleg det som skjer på Stortinget?

– Den einaste måten å løysa det på er at politikarane går i seg sjølv og syter for å vera opne på dei kontaktane dei har og er ærlege på kven dei representerer, meiner han.

Powered by Labrador CMS