– Næringslivet er heilt avhengige av gode og forutsigbare ferdselsårer, så heilt ferdig med samferdsel er eg nok heilt sikkert ikkje.

Anne Marit forlèt fylkeskommunen – No skal ho jobba for interessene til næringslivet i regionen

– Det gler eg meg til å vere ein del av – i ein organisasjon som verkeleg satsar på kommunikasjon.

Publisert

Anne Marit Øksenvåg Johansen er ny kommunikasjonsrådgjevar i Kristiansund og Nordmøre Næringsforum, ein jobb ho går til etter å ha vore innom Møre og Romsdal fylkeskommune i tre år og ulike roller i Statens vegvesen og Vegdirektoratet i nærare 15 år.

– Det var ein god og sjeldan moglegheit på desse kantar, seier ho til KOM24.

Satsar på kommunikasjon

Ho meiner det skjer mykje spanande i regionen for tida, både i næringslivet og med utvikling og bygginga av Campus Kristiansund, der utdannings- og forskingsmiljø, offentlege og private aktørar blir samla for å skape ein felles arena for utdanning, forsking og innovasjon på Nordmøre.

– Det gler eg meg til å vere ein del av – i ein organisasjon som verkeleg satsar på kommunikasjon, seier ho.

Arbeidsoppgåvene hennar vert å ha hovudansvaret for kommunikasjonsarbeidet i Kristiansund og Nordmøre Næringsforum.

– Me skal jobba for interessene til næringslivet i regionen og bidra til å gjera det attraktivt å bu, jobba og driva verksemd i regionen, seier ho.

Frå tida i Vegvesenet og Vegdirektoratet har ho jobba med eit fagfelt som alle har ei meining om og eit forhold til.

Ikkje ferdig med samferdsle

– Eg har vore heldig å jobbe i sterke kommunikasjonsfaglege miljø og tett på både politikk, pådrivarar og brukarane av samferdselstilboda. Næringslivet er heilt avhengige av gode og føreseielege ferdselsårer, så heilt ferdig med samferdsel er eg nok heilt sikkert ikkje, seier ho om sin nye jobb.

Men ho meiner og at den nye jobben og vil handla om å jobba mykje med å legga til rette for å skapa utvikling i regionen, trekke til seg menneske som har lyst å bu og jobba der, løfte fram det innovative og offensive næringslivet dei har og moglegheitene som finst og bidra til å skape vekst og fleire arbeidsplassar.

– Kommunikasjon blir viktig for å få det til.

Powered by Labrador CMS