Magnus Strømnes Bøe

Slik halverte dei Google-budsjettet til TV 2 – men auka salet med 150 prosent

– Det er heilt håplaust å jobba med sport i organisk søk.

Publisert Sist oppdatert

(Quality Hotell Edvard Grieg:)   – Eg håpar ikkje det er nokon frå Google her i dag, for eg trur ikkje dei er så glade i oss.

Det seier Magnus Strømne Bøe, dagleg leiar i Rocket frå scena på Amplify i Bergen.

Han fortalde om korleis selskapet hans hadde sørga for at TV 2 har redusert sine kostnader med Google-annonsering med store summar, men samstundes ført til stor vekst for dei.

– TV 2 har fått 13 300 nye kundar gjennom organisk søk, seier han. 

Det har dei klart, mellom anna ved å få TV 2 inn i grensesnittet til Google på linje med Netflix, Apple TV og dei andre store internasjonale strøymegigantane.

Bøe fortel at det har dei fått til ved å fokusera på å oppretta prosessar for databaserte kjøp i Google ads som vert fintuna fortløpande og ved å droppa spurtar som må haldast ved like fortløpande

– Me har fokusert på å vera i sjiktet kor ein kan sjå ulike ting og kor ein prioriterer å legga streaminglommeboka, seier han

Han kallar SEO-delen av den jobben for teknisk kompleks, men eigentleg ganske enkelt. 

– Me har satsa på strukturerte data. Det som var viktig for oss var at me trengde å samla sprikande staur, fortel han.

Jobben deira var både å få folk til å gå inn i TV 2s database, men dei måtte og ha ein integritet i databasen så Google kunne stola på dei. 

Dermed måtte dei ha alle metadata å google ville visa det. 

– Det er tungt å jobba med data, men det er strikk og binders-haldning til det, det må ein berre verta betre på, seier han.

Bøe seier dei har jobba mykje med både SEO og betalt søk og seier det er helt forskjellige spelereglar som gjeld. 

TV 2s varelager består av filmar, sport og seriar. Han seier at sport er heilt håplaust å jobba med i organisk søk. 

– Det er så korte intervall det er interessant å få det ut i Google, at det er lettare med betalt, seier han, og viser til at det er lett å skru av og på dette med betalte søk. 

– Start og sluddtidspunktet er heilt essensielt for når ein skal starta og slutta å annonsera for sport, seier han. 

Dei brukar og betalte søk for å få folk til å velja filmar. Men det er ein nøye uttenkt strategi som ligg bak det heile. 

Difor har dei samla ein del data frå appane i TV 2, både kva folk er interessert i, kor tid dei er interessert i det og kva er det som trendar. For å få med seg kva som trendar brukar dei Google trends.

Han viser til eit konkret eksempel med ein film, der dei ser starten på ei trend. 

– Då byrjar me å kasta pengar på den filmen og så fortset det. Men når det er på toppen, så stoppar me å bruka pengar. For då snakkar folk om filmen, då er det ikkje vits å bruka annonsekroner på den lenger, seier han.

Med SEO må ein bretta ut alt dei har og satsa på at folk likar det.

Bøe seier at strategien deira ikkje er styrt av kor mykje pengar TV 2 brukar på Google.

– Me har kunne dobla mengda annonsebodskap og halvert budsjettet med betre timing og meir selektivt bodskap, seier han.

Han har og nokre råd å komma med til dei som vil kopiera TV 2: 

– For å kopiera TV 2 må du ha; etterspørsel på varelager, eit breitt utval av tilbod, konkurranse i marknaden og må vera påverka av sesong og timing med dine bodskap. Og du må ha kontroll på datakjeldene dine.

 

Har du tips til denne eller andre saker? Kontakt oss på: tips@kom24.no

Powered by Labrador CMS