Malin Rygg
Malin Rygg

Frå i dag skal offentlege verksemder følge webdirektivet

Frå i dag gjeld nye krav om universell utforming av nettstader og appar.

Publisert

Det melder Digitaliseringsdirektoratet i ei pressemelding.

Dei nye krava gjeld for offentleg sektor som frå i dag også skal ha tilgjengelegheitserklæring på sine nettsider. Det betyr at verksemder i offentleg sektor skal følge nye lovpålagde krav om universell utforming av IKT.

Dei skal også publisere tilgjengelegheitserklæring på sine nettstader. Erklæringa viser om nettstaden følger krava.

Sidan i haust har verksemdene logga inn i uustatus.no for å opprette tilgjengelegheitserklæring og fristen for å publisere er i dag.

Dette er eit viktig steg for å redusere digitalt utanforskap, fordi det bidreg til at offentlege nettstader vert meir tilgjengelege for alle innbyggarar. Med tilgjengelegheitserklæring skal alle verksemdene også ha ein tilbakemeldingsfunksjon der innbyggarane kan melde inn feil dei finn på nettstadane.

-No som fristen er ute, kjem vi til å gå gjennom våre lister og sjå kven som skal følgast opp, seier tilsynsdirektør Malin Rygg i pressemeldinga.

486 verksemder er i mål med sine erklæringar. Av dette er det 162 kommunar og 10 fylkeskommunar og 94 statlege verksemder.

– Vi oppmodar innbyggarane om å sjekke tilgjengelegheitserklæringane i løysingane dei brukar og melde frå om dei finn feil, seier Rygg.

Tilsynet vil i første omgang kontrollere om det er publisert tilgjengelegheitserklæring. Kontrollar med innhaldet i erklæringane kjem truleg først i 2024.

Powered by Labrador CMS