Barne- og familieminister Lene Vågslid
Barne- og familieminister Lene Vågslid

Dette meiner regjeringa om merking av KI-reklame

– Alt må sjåast i ein samanheng.

Publisert

Dei siste vekene har debatten om merking av reklame laga av og med kunstig intelligens rasa i spaltene til KOM24. 

Fleire i bransjen har etterlyst merking, men Forbrukartilsynet seier at dei ikkje kan gjera noko med merkinga og bruka den slik som dei har gjort med retusjerte bilete. 

Nina Elise Dietzel, underdirektør i tilsynsavdelingen i Forbrukertilsynet, har tidlegare sagt at det må ei lovendring til før dei kan ta i bruk merkeplikta på KI-generert reklame.

KOM24 har vore i kontakt med lovgjevande myndigheit som seier at alt må sjåast i ein samanheng.

– Eg meiner at folk har behov for å vite om dei blir eksponert for KI-generert innhald. Det kan vere relevant for reklame, men òg på andre samfunnsområde. Spørsmål om merking av KI-generert innhald må sjåast i samanheng med det generelle arbeidet med å regulere kunstig intelligens, skriv Barne- og familieminister Lene Vågslid i ein e-post til KOM24, sendt til oss av ein kommunikasjonsrådgjevar. 

Ho skriv vidare i e-posten at regjeringa jobbar no med å innføre EU sin forordning om kunstig intelligens i norsk rett. 

Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet sende eit lovutkast på høyring i sommar med sikte på at loven skal gjelde frå seinsommaren 2026.

KI-forordninga stiller krav om transparens for visse KI-system. Eit av krava gjeld plikt for leverandørar til tydeleg merking av bilete, video, lyd og tekst som er generert av eit KI-system.

Vågslid skriv vidare at regjeringa vil vurdere merkeplikta for retusjerte bilete i marknadsføringsloven, sett i lys av bruken av KI-genererte bilete i reklame. 

– For å få meir kunnskap har vi gitt eit oppdrag til SIFO om å undersøkje korleis merkeplikta etter marknadsføringsloven har fungert og kva betydning framveksten av KI-generert innhald kan få for merkeordninga, skriv ho og held fram:

–  Det er for tidleg å konkludere med kva endringar som eventuelt er aktuelle.

Har du tips til denne eller andre saker? Kontakt oss på: tips@kom24.no

Powered by Labrador CMS