Gunn Evy Auestad skiftar i haust jobb frå Haugaland Kraft til Haugaland Vekst.
Gunn Evy Auestad skiftar i haust jobb frå Haugaland Kraft til Haugaland Vekst.

Gunn Evy vert moglegheitsrådgjevar

– Målet er å finna synergiar og skapa berekraftig vekst til det beste for regionen.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

– Kombinasjonen av attraktive arbeidsoppgåver og organisasjonen sitt virke gjorde at eg til slutt landa på eit jobbskifte.

Det seier Gunn Evy Auestad til KOM24.

I haust gjev ho seg i jobben som kommunikasjonsrådgjevar i Haugaland Kraft for å verta moglegheitsrådgjevar i Haugaland Vekst. 

– Det skjer enormt mykje spanande i næringslivet på Haugalandet om dagen og regionen er i startgropa på å laga ein strategi for grønt industriløft. Som moglegheitsrådgjevar får eg bidra inn i både næringslivsutvikling og offentlege prosessar, der målet er å finna synergiar og skapa berekraftig vekst til det beste for regionen. I tillegg vil eg få eit særskilt ansvar for kommunikasjon, seier ho.

Som moglegheitsutviklar skal ho bidra til å skapa verdiar og arbeidsplassar i regionen i samarbeid med næringslivet og dei kommunale eigarane.

– Prosjekt- og utgreiingsarbeid, strategiutvikling og påverknadsarbeid blir ein viktig del av jobben, fortel ho. 

I tillegg vil ho, som alt nemnd, få eit særskilt ansvar for kommunikasjon.

I tillegg til åra i Haugaland Kraft har Auestad jobba to år som kommunikasjonsrådgjevar ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) og dessutan sju år som journalist i NRK. 

Det var i 2016 ho la om karrieren og gav seg med journalistikken.

– Det er nok både tilfelle og målretta arbeid som eg har ført meg hit eg er i dag. Eg trivst godt med å jobba langsiktig med spesifikk tematikk for aktørar som bidreg til eit meir berekraftig samfunn, seier ho.

Powered by Labrador CMS