MENINGER:

Brødet kostar pengar i butikken, det gjer og god journalistikk

«Det siste året har KOM24s journalistar vore i Cannes, London, Bergen, Stavanger, Arendal, Trondheim, Bodø og Haugesund for å laga eksklusiv journalistikk for sine lesarar. Det skal me halda fram med i framtida», skriv KOM24s redaktør Yngve Garen Svardal.

Publisert Sist oppdatert

Måndag 17. oktober vert ein merkedag i KOM24s historie.

Frå då av innfører me brukarbetaling på våre sider. Det betyr at ein del av journalistikken vår frå då av vert forbeholdt våre abonnentar.

Det er akkurat slik det skal vera i ei nettavis anno 2022.

KOM24 vart lansert midt under koronapandemien.

10. november gjekk me live med eit brak.

Det byrja med ein journalist som gjorde mesteparten av jobben åleina, etter ein periode vart me to journalistar som sat på heimekontor i kvar sin by og produserte nyheiter på løpande band. Det gjekk faktisk over ti månader før redaksjonen møttes fysisk fyrste gongen.

I skrivande stund er me to fast tilsette i redaksjonen og me har i tillegg fleire eksterne bidragsytarar.

På dei knappe to åra sidan lanseringa har me produsert tusenvis av artiklar om kommunikasjons og marknadsføringsbransjen og det nærmar seg fire millionar sidevisningar på dei få åra.

Det er tal me er svært stolte av!

Så kvifor då innføra brukarbetaling?

Det er så enkelt at det å laga journalistikk kostar pengar og brukarbetaling gjev oss moglegheita til å laga meir av den gode journalistikken.

Brødet kostar pengar i butikken, service på bilen kostar pengar til verkstaden, røyrleggaren skal ha betalt for jobben sin og journalistane må faktisk få betalt for jobben sin. Dette er folk som har opparbeida seg god journalistisk kompetanse og nettverk, det kjem med ein pris.

Og nordmenn er heldigvis godt vand med å betala for avisene sine. Ei undersøking frå Mediebedriftenes landsforbund viser at i 2021 hadde 7 av 10 nordmenn eit avisabonnement. Det er ein oppgang frå 2018 og den største auken var hjå dei unge.

BI gjorde i 2017 ei undersøking som på si side viste kor vellukka det var for mange aviser å innføra brukarbetaling. Og annonsørane sette pris på det.

Det har sidan lanseringa vore planlagt at brukarbetaling skal innførast og no meiner me tida er mogen.

Datoen 17. oktober har vore bestemt i lang tid.

Du lurar kanskje på kva slags journalistikk som skal verta forbeholdt våre abonnentar?

Det er eigenprodusert journalistikk som redaksjonen har brukt tid og ressursar på. Har me gjort eksklusive intervju, gravd fram saker sjølv og kome med nyheiter våre konkurrentar ikkje har, så er sjansen stor for at den saka vert forbeholdt våre abonnentar.

I skrivande stund planlegg me for at mellom fem og sju saker i veka er for dei som har KOM24+.

Sidan dette er nytt for oss i KOM24 og vil det vera litt prøving og feiling i byrjinga og me er som alltid opne for at folk kjem med attendemeldingar til oss!

Som bransjens lokalavis skal me vera nær våre lesarar og skriva om kva som skjer i byråa, me skal setja kritiske søkelys på det som skjer, me skal vera tett på når finansministeren prøver å kutta ut bruken av PR-folk og me skal vera til stades over heile landet.

Underteikna sit i Bergen anna kvar veka og leverer saker frå Vestlandets hovudstad, me har vore på fleire turar til Stavanger, me har vore i Trondheim ved fleire høve, me har vore i Bodø, Arendal, Haugesund, Cannes og London for å komma med eksklusive nyheiter til dykk lesarar.

Dette vil me halda fram med å gjera dei neste åra.

Då treng me dykkar støtte, kjære lesar. Me håpar me ser dykk på andre sida frå måndag av!

P.S: Vil du ha dei beste nyheitene den siste veka frå KOM24 rett i innboksen din oppmodar me deg til å melda deg på vårt nyheitsbrev. Klikk på denne lenka og meld deg på!

———————————————-

Dette er et meningsinnlegg, og gir uttrykk for skribentens mening. Har du lyst til å skrive i KOM24? Send ditt innlegg til meninger@kom24.no.

Powered by Labrador CMS