Kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen vart nyleg heidra med ein kommunikasjonspris.

Kommuneoverlege fekk kommunikasjonspris

Vart overraska i kommunestyremøte.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

– Dette var ei stor overrasking. Eg er takknemleg og audmjuk for å få ein slik pris, men eg vil dela den med alle mine gode medarbeidarar, alt frå kommunikasjonsrådgjevarar til avdelingsleiar og vaksinasjonskoordinator, det seier kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen i ein video publisert på Herøy kommunes nettsider.

Det var i eit kommunestyremøte i byrjinga av mars at Aasen vart heidra med kommunens kommunikasjonspris.

I grunngjevinga vert det dregen fram at Aasen stiller alltid opp til artiklar, bilete, videoar og på direktesendt radio, så lenge det gagnar målet om å nå innbyggjarane med tydeleg og rett informasjon, både lokalt, men også regionalt. Det vert og dregen fram er rask, engasjert i kommunikasjonsarbeidet og ser viktigheita av å vere i forkant både på nettsida, til media og i sosiale medium.

Sjølv vil han ikkje ta på seg all æra for jobben som er gjort.

– Det er eit fellesskap som har ført til at me greier å få fram informasjon til befolkninga. Dette er ikkje eit one-man show, dette er eit kollektiv som jobbar saman og dreg i samme retning. Og det er det viktigaste ved det heile, seier prisvinnaren til kommunens eigne heimesider.

Powered by Labrador CMS