Børge Solbakk

Børge er tilsett som kommunikasjons­rådgjevar i Distriktssenteret

Frå dagleg leiar til kommunikasjonsrådgjevar.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

– Vi gler oss til å få Børge Solbakk inn i staben vår. Han har ein bakgrunn og ein kreativitet som vi kjenner oss sikre på at vil løfte formidlinga av kunnskap til distriktskommunar og -butikkar. Engasjementet hans passar godt inn hos oss i Distriktssenteret, der vi brenn for å få endå fleire til å innsjå at distrikta er gode å bu og drive næring i, seier direktør Marit L. Mellingen i ei pressemelding.

Stillinga var lyst ut med fritt val mellom dei tre kontorstadane Distriktssenteret har i Sogndal, Sandnessjøen og Steinkjer. Solbakk kjem til å jobbe på Steinkjer.

– Det var gledeleg mange søkjarar til stillinga. Vi hadde mange gode søkjarar, og det var interesse for stillinga på alle kontorstadene. Etter ei rekkje intervju fall altså valet på Børge. Vi trur han kjem til å gjere ein veldig god jobb hos oss, seier Mellingne i pressemeldinga.

Solbakk kjem frå stillinga som dagleg leiar for Fotograf Hattrem på Levanger. Han har vore sterkt engasjert i sentrumsutviklinga der dei siste åra, i tillegg til at han har god kompetanse innan fleire retningar av kommunikasjonsfaget.

– Eg håpar engasjementet og kompetansen min vil gjere at endå fleire får nytte av kunnskapen frå Distriktssenteret, seier Solbakk i pressemeldinga.

Etter planen startar Solbakk i Distriktssenteret 1. mars.

Distriktssenteret er eit nasjonalt kompetansesenter som arbeider for å gjere det attraktivt å bu og jobbe i distrikta. Det er kommunane som er den viktigaste målgruppa vår. Vi har også ansvar for Merkur-programmet, som skal sikre innbyggarane i distrikta tilgang til ein nærbutikk med god kvalitet.


Powered by Labrador CMS